Ny rapport: Haldningar til jødar og muslimar har vorte mindre negative

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Resultata for befolkningsundersøkingane viser at negative haldningar til jødar har vorte mindre utbreidde i Noreg dei siste ti åra. Sidan 2017 har vi målt ein signifikant nedgang for sosial avstand og motvilje mot jødar, heiter det i ein omfattande rapport frå HL-senteret, som blir lagt fram tysdag.

Medan 6,7 prosent i befolkninga viste motvilje mot jødar i 2017, er andelen 4,7 prosent i 2022, ifølgje undersøkinga.

Det er også registrert ein nedgang i negative haldningar til muslimar.

Fordommar framleis til stades

Undersøkingane viser likevel at fordommar mot jødar har hatt ein svak auke sidan 2017.

Auken er rett nok ikkje statistisk signifikant, men dette har altså ikkje gått ned til liks med dei andre måla.

– Det er fleire moglege forklaringar på dette funnet. Ein av dei er at det speglar korleis antisemittiske førestillingar vekte opp att i periodar med politisk, økonomisk og sosial uro, heiter det i rapporten.

Undersøkingane vart tekne opp under koronapandemien, og det blir understreka at dette kan ha spelt inn på resultata.

Konspirasjonsteoriar

Samla er det 9,3 prosent i den norske befolkninga som har det som kan karakteriserast som utprega fordommar mot jødar (8,3 prosent i 2017), ifølgje rapporten.

Blant dei stereotypiske førestillingane som framleis er relativt utbreidde, er idear knytt til jødisk internasjonal og økonomisk makt.

– Til dømes er det 14 prosent som støttar påstanden «Jødane i verda arbeider i det skjulte for å fremje jødiske interesser» (13 prosent i 2017), ei konspirasjonsførestilling med lange linjer i antisemittismehistoria.

Utbreidde fordommar mot muslimar

Negative haldningar til muslimar har også vorte mindre utbreidde i den norske befolkninga dei siste fem åra.

– Resultata viser at 15,3 prosent i befolkninga er avvisande til sosial kontakt med muslimar (19,6 prosent i 2017) og 23,7 prosent uttrykkjer motvilje (27,7 prosent i 2017).

Stereotypiske førestillingar om muslimar er framleis utbreidde i befolkninga, men i mindre grad enn i 2017.

– Det er 30,7 prosent som i 2022 har utprega fordommar mot muslimar (34,1 prosent i 2017). Blant påstandane som mange støttar, er ein som legg skulda for aukande muslimhets på muslimane sjølv (44 prosent i forhold til 47 prosent i 2017).

Ein tredel av befolkninga (33 prosent) støttar også påstandane «Muslimar utgjer ein trussel mot norsk kultur» og «Muslimar passar ikkje inn i eit moderne vestleg samfunn» (høvesvis 39 og 36 prosent i 2017), ifølgje rapporten.

Auka diskriminering

Dei jødiske og muslimske respondentane vart også spurde om erfaringane sine med diskriminering.

Resultata viser ein auke i negative opplevingar for begge minoritetar.

– Det er vanlegare at muslimar har negative opplevingar enn at jødar har det, men det er langt fleire jødar enn muslimar som nokre gonger unngår å vise den religiøse tilhøyringa si av frykt for negative haldningar (71 prosent versus 33 prosent).

Det blir påpeika i rapporten at forskjellar mellom utvala kan spele inn:

– Medan det kan vere vanskelegare å skjule ei muslimsk tilhøyring (til dømes basert på bruk av hijab), kan dette enklare gjerast med ein del jødiske symbol, som davidsstjerna.

Tre undersøkingar

Rapporten «Holdninger til jøder og muslimer i Norge i 2022» er basert på tre undersøkingar: ei befolkningsundersøking, ein minoritetsstudie og ei ungdomsundersøking.

Svara vart samla inn i siste del av 2021 og starten av 2022. Tidlegare er det gjort tilsvarande kartleggingar av haldningar til jødar i 2011 og av haldningar til muslimar i 2017.

Det er Kantar Public som har samla inn dataa på vegner av HL-senteret.


Dana Golan og Talia Dubowski framføre synagogen i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken