80 år sidan deportasjonen av jødar – her finn du snublesteinar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1994 la den tyske kunstnaren Gunter Demnig ned den aller første snublesteinen i tyske Køln.

Brusteinane er minnesmerke som syner kor jødar eller andre offer for nazismen budde eller arbeidde før dei vart deporterte og drepne.

«Eit menneske er ikkje gløymd før namnet dets er gløymt,» står skrive i den jødiske skriftsamlinga Talmud. Det er kjernen i kunstprosjektet til Demning.

Om tallause personar snublar over ein av dei messigforgylte brusteinane, stoppar opp og les namnet og datoane, så minnest ein dei som vart drepne.

No er 94 000 snublesteinar plasserte over heile Europa, i 30 land.

26. november 1942

26. november er det 80 år sidan skipet D/S Donau forlèt Oslo. Om bord var 529 jødar som vart sende til Auschwitz-Birkenau, ein av dei nazistiske konstenstrasjonsleiarane i Polen. Det er den største deportasjonen av jødar frå Noreg som har skjedd.

Medan skipet sigla sørover, song 23 år gamle Marie Sachnowitz låten Månestråle på dekk. Forloveden hennar, faren og dei fem brørne hennar var alle på skipet.

Marie Sachnowitz vart drept i Auschwitz. Foto: Jødisk Museum Oslo/Snublestein.no

Nokre få dagar seinare, var Larvikjenta ein av dei som vart sendt rett i gasskammeret.

– 1. desember 1942 er dagen flest nordmenn vart drepne under andre verdskrig. Det er det få som veit, sa historikar Mads Tangestuen til NTB. Han er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.

Berre ni av dei som vart sende med D/S Donau kom attende i live. Til saman vart 773 norske jødar deporterte under krigen. Berre 35 overlevde.

Dette bilete er teke i det skipet Donau forlet kaia. Foto: NTB

Torsdag vart det halde ei minnemarkering i Oslo Rådhus.

– Det er ein slik nedslåande realitet at det ikkje vart sett ein endeleg sluttstrek for slike enorme overgrep som skjedde under andre verdskrig, sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB. Statsministeren var blant deltakarane på minnemarkeringa.

– Det er framleis verd å seie at dette angår oss også i dag. Vi må verne om demokratiet, stå imot rasisme, diskriminering og forfølging av minoritetar, haldt Støre fram.

Heile familie Sachnowitz frå Larvik vart deporterte til Auschwitz. Berre Herman overlevde. Desse snublesteinane er plasserte utanfor Torget 4 i Larvik, der familien dreiv butikk. Foto: Larvik kommune

757 snublesteinar

Den aller første snublesteinen i Noreg, vart lagt i Calmeyersgate 15 i 2010. Adressa husar i dag Jødisk Museum i Oslo, i det som tidlegare var ei synagoge.

I leigegarden framfor synagogen budde 28 jødar i 1942. 19 vart deporterte og drepne, kvar av desse har fått sin eigen snublestein på fortauet framfor bygget.

Til no er det lagt ned 757 snublesteinar over heile Noreg. Her kan du finne eit kart over kor dei er plasserte.

Den nordlegaste ligg i Berlevåg, og ber namnet til Phillip Philipsohn. Han flytta til Noreg frå Polen med familien sin som toåring, og flytta til Nord-Noreg for å arbeide. Philipsohn var ein av jødane som vart sendt med Donau. I Auschwitz vart han sett til tvangsarbeid, og truleg døydde han i januar 1943.

Ludwig Melzer sin snublestein er plassert i Ogna i Rogaland. Foto: Jødisk Museum Oslo /Snublestein.no

Den sørlegaste ligg i Ogna, sør i Hå kommune.

Kjemiingeniøren Ludwig Melzer kom til Noreg som flyktning frå Tsjekkia. Han vart arrestert av lensmannen i Egersund 26. oktober 1942. Nøyaktig ein månad seinare, var også han på skipet Donau. Melzer vart drepen med ein gong han kom fram til konsentrasjonsleiren.


Dana Golan og Talia Dubowski framføre synagogen i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken