Fleire selskap droppar samarbeid med Kanye West – no også Adidas

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 20:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste vekene har Kanye West (45), no kjend som Ye, spreidd antisemittiske konspirasjonsteoriar i intervju og på sosiale medium.

I ei Twitter-melding, som seinare har vorte sletta, skreiv artisten at han skulle gå «death con 3 på jødiske menneske»Death con vert av mange rekna som ei feilstaving av defcon, som er ein militær forsvarsstrategi.

Samarbeidspartnar Adidas er siste i ei lang rekkje selskap som no bryt med West:

– Adidas tolererer ikkje antisemittisme eller noko anna form for hatprat. Ye sine nylege kommentarar og handlingar har vore uakseptable, hatefulle og farlege, og dei bryt med selskapet sine verdiar om mangfald og inkludering, gjensidig respekt og rettferd, sa Adidas i ei utsegn.

Selskapet har fått kritikk for å reagere seint, og eit opprop som kravde at samarbeidet vart avslutta fekk nærare 180.000 underskrifter.

Droppar ferdiglaga dokumentar

Kanye West er allereie blokkert frå Instagram og Twitter, og luksusmerket Balenciaga, kleskjeda Gap og banken JP Morgan har alle avslutta samarbeid med han. Talentbyrået CAA har òg brote banda til artisten.

I tillegg er ein dokumentarfilm om artisten er stoppa. Dokumentaren var ferdiglaga, men tv- og filmstudioet MRC har annonsert at dei ikkje vil distribuere filmen:

– Stilla frå leiarar og selskap når det kjem til Kanye eller antisemittisme generelt er forferdeleg, men ikkje overraskande. Det som er nytt og leitt, er jødar si frykt for å forsvare seg sjølve.

Det sa MRC-grunnleggjarane Mordecai Wiczyk og Asif Satchu og driftsdirektør Scott Tenley i ei utsegn. Selskapet har tidlegare produsert kritikaryndlingar som serien Ozark og filmen Knives Out.

Rekordmange antisemittiske hendingar i USA

Mange har frykta for kva konsekvensane av Kanye West sine antisemittiske ytringar vil vere.

Ifølgje organisasjonen Anti-Defamation League var det rekordmange antisemittiske hendingar i USA i 2021. Organisasjonen melde om 2717 hendingar, noko som er 34 prosent auke sidan året før. ADL har ført slik statistikk sidan 1979, men aldri før har tala vore så høge.

Førre helg vart banner med antisemittiske ytringar hengde frå ei bru over ein motorveg i Los Angeles. På bannera stod det skrive «Kanye har rett om jødane», og demonstrantane gjorde nazi-helsing.

– Antisemittismen aukar. Vi må alle fordømme hatpratet spreia av Kanye West. Det har ekte konsekvensar, som vi såg i Los Angeles denne helga, sa kongressmedlem og borgarmeisterkandidat i Los Angeles, Karen Bass, på Twitter.

– Hatprat er aldri OK

I kjølvatnet av utsegnene og hendingane har stadig fleire kjendisar og profilar teke til sosiale medium for å vise støtte til den jødiske befolkninga i USA.

– Hatprat er aldri OK eller mogeleg å unnskylde. Eg står med det jødiske miljøet og krev at den forferdelege valden og hatefulle retorikken mot dei tek slutt med det same, skreiv Kim Kardashian på Twitter tidlegare denne veka. Kardashian skilde seg frå West i 2021 etter seks års ekteskap.

Skodespelar Reese Witherspoon skreiv at ho skjønar kvifor hennar jødiske vennar og kollegaar er redde.

– Antisemittiske i alle former er grufullt. Ansikt til ansikt. På nett. Det har ikkje noko å seie kor. Det er hat og det er uakseptabelt, skreiv ho på Twitter.


Dana Golan og Talia Dubowski framføre synagogen i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken