Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar då vi hadde RLE og snakka om islam, så kunne folk kalle meg islam bin laden og sånne ord, og det var alltid slik at eg måtte stå og snakke om islam og forsvare islam i timen. 

Wala Jibril (22) mimrar tilbake til oppveksten i Namsos i Trøndelag. Der var det ikkje så mange muslimar.

Ho fortel at ho i starten ikkje var særleg open om trua si, fordi ho opplevde at folk ikkje hadde så god forståing for eller respekt for religionen hennar.

– Så eg snakka berre om islam viss det var i ein islamsk kontekst eller om eg var med søstrer som er muslimar.

Ikkje alltid positivt

– Sjølv om eg er veldig synleg muslim, så er det ikkje sånn at det er det første eg seier, «eg er muslim og eg praktiserer», seier Ayusha Allan (26) og utdjupar:

– Eg har vore politisk aktiv. Då eg var yngre var eg ungdomspolitikar, og då høyrde eg til eit parti som ikkje hadde så mange muslimar i partiet. Då kunne eg føle litt på at religion ikkje var det første ein snakka om. 

Ho fortel at ho har vore i media før, og blitt møtt med alle typar kommentarar.

– Det har ikkje alltid vore positivt. Det har vore fleire gonger ein har hatt lyst til å trekke seg tilbake. Berre fordi at ein seier det ein trur på og det ein føler, så blir ein møtt med motstand.

Unngår å vise religionen

Ein studie frå Universitet i Agder syner at unge muslimar og kristne vegrar seg for å dele om trua si i sosiale medium. Dei fryktar å bli misforstått og stigmatisert.

Rapporten Holdninger til jøder og muslimer i Norge i 2017 frå Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter peikar på at negative stereotypiar om muslimar er utbreidde i det norske samfunnet. Fleire oppgir at dei unngår å vise den religiøse tilhøyrsla si fordi dei er redde for negative haldningar.

Vibeke Moe er forskar ved HL-senteret med doktorgrad i religionsvitskap frå Universitetet i Oslo. Foto: HL-senteret

– Nokre (ca. 25 prosent i 2017) unnlet ved forskjellige høve å eksponere den muslimske identiteten sin av frykt for negative haldingar, eller opplever at slik openheit triggar negative reaksjonar i omgjevnadane, fortel forskar ved Holocaust-senteret Vibeke Moe på e-post til Framtida.no.

Ho forskar på antisemittisme, fiendtlege haldningar til muslimar og muslimsk-jødiske relasjonar i samtida, og leier tredje runde av befolkningsundersøkinga om haldningar til jødar og muslimar i Noreg.

– Det er belastande å oppleve at ein ikkje kan vere open om noko som står så sentralt i livet som det ein religiøs identitet ofte gjer, poengterer ho.

– Mange misoppfatningar der ute

Muslimske Hummam Bhutta fortel at han er veldig open om trua si. Han opplever at det er mange misoppfatningar om muslimar.

– I alle fall i den tida vi vaks opp, etter 9/11 så var det mange spørsmål rundt islam.

Han minnest at det var eit behov for nokon som kunne representere unge, norske muslimar, for det fanst eigentleg ingen.

– Så det har fått meg til å bli veldig open om mi eiga tru, som igjen til dømes har resultert i at eg er leiar for ei studentforeining for muslimar.

Konservative og keisame

Wala Jibril, Ayusha Awan og Hummam Bhutta er alle med i styret i Muslimsk studentsamfunn. Dei kjenner godt til fordommar eller stereotypiar om muslimar.

– Generelt kanskje at muslimar er mykje meir konservative enn befolkninga elles. Og kanskje at muslimske kvinner spesielt ikkje er så høgt utdanna, seier Ayusha. 

 Men også det at du er litt keisam – at ingenting er lov og alt er haram og ikkje går, legg Wala til, og held fram:

– Eg har vore i bursdagar der dei seriøst trudde at eg hadde drukke fordi vi hadde det så gøy og snakka og tulla. Og det var kjempegod stemning, så eg ser korleis det er å ikkje drikke og framleis kunne ha det gøy. Så ja, det at vi er litt keisame og konservative. 

Som muslimsk mann møter Hummam litt andre fordommar:

– Det er dei klassiske – muslimar er terroristar og slår konene sine. Og at vi vil ta over landet, spesielt den er ein gjengangar, trekker han fram.

Slutta å lese kommentarfelt

Hummam fortel at då han var yngre blei han påverka av korleis muslimar blei framstilt i media og kommentarfelt.

– Eg har slutta å lese det, eigentleg les eg ingenting som kjem ut om islam i media, i alle fall ikkje kommentarfelt. For eg veit at det er negative kommentarar og eg har betre ting å gjere.

I tillegg jobbar han aktivt med religionsdialog og med ungdomsarbeid, og gjennom arbeidet vonar han å ta vekk misoppfatningar. 

– Samstundes så tenker eg at det påverkar veldig mange unge muslimar i dag. Ein 14-, 15-, 16-, 17-, 18-åring som veks opp og les mange overskrifter om si tru og desse kommentarfelta og negative assosiasjonar om muslimar, veit kanskje ikkje kva som er rett og gale og kven ein skal vende seg til.

– Så den retorikken er eigentleg veldig skadeleg for identiteten til unge muslimar.

Aukande problem

Regjeringa skriv i handlingsplanen sin mot diskriminering av og hat mot muslimar at  fiendskap, fordommar og negative haldningar til muslimar er eit reelt og aukande problem i Noreg, trass i at Noreg er eit av landa i Europa der befolkninga har mest positive haldningar til religiøse minoritetar.

Resultata i undersøkinga frå Holocaust-senteret samsvarar med dette.

 – Kartlegginga gjennomført av HL-senteret i 2017 viser for eksempel at rundt ein tredjedel av befolkninga har negative førestillingar om muslimar, fortel forskar Vibeke Moe.

Haldningane til jødar og katolikkar var ifølgje studien langt meir positive. 

– Samstundes skal ein hugse på at det ikkje alltid er talet på fordomsfulle menneske som er det viktigaste. I eit sikkerheitsperspektiv kan ekstreme haldningar hos eit lite tal på menneske vere nok til å skape bekymring.

«Du er ikkje som andre muslimar»

Moe fortel at negative haldningar til både jødar og muslimar ser ut til å vere meir utbreidd blant eldre, menn og personar med låg utdanning.

– Forsking har vist at sosial kontakt ofte reduserer fordommar. Vi fann ein viss tendens til dette i Noreg, det vil seie mindre utbreidde negative haldningar til muslimar i Oslo-området, der det jo også bur flest muslimar. Men igjen, det er store individuelle forskjellar mellom menneske.

Ayusha Awan fortel at ho har fått kommentarar som «du er ikkje som andre muslimar» eller «du er lettare å omgåast eller snakke med».

– Då spør eg «kor mange muslimar har du møtt», og då er det ikkje mange, seier ho.

Hummam Bhutta, Wala Jibril og Ayusha Awan. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Utvikling

Vibeke Moe fortel at dei allereie i studien i 2017 såg ei viss utvikling i nordmenn sine haldningar til muslimar.

– Då gjaldt det sosial avstand til muslimar: Det var litt fleire som var positive til sosial kontakt med muslimar i 2017 enn i 2011.

Ho fortel at minoritetar generelt er meir utsette for negative haldningar, og at mange opplever ein eigen sårbarheit knytt til det å vere minoritet.

– Korleis folk erfarer og taklar negative opplevingar er svært individuelt, men mange muslimar opplever at utviklinga går i feil retning. Samstundes har det skjedd endringar som gjer at nokre synest det er eit større rom for muslimar i det norske samfunnet i dag, for eksempel gjennom større synlegheit i populærkulturen.

Til hausten publiserer HL-senteret funn frå den pågåande befolkningsundersøkinga om haldningar til muslimar, og vil då få fleire svar på korleis nordmenn sine haldningar har utvikla seg.

Må snakke for oss sjølve

For Ayusha Awan, gjer negative haldningar ho enda meir interessert i og fokusert på å endre narrativet om muslimar.

– Det er jo ein grunn til at dei haldningane finst i samfunnet, det er fordi folk ikkje veit nok om muslimar og om islam, seier ho.

Ho peikar på at om den einaste informasjonskjelda ein person har om muslimar og islam er gjennom media, så har dei allereie danna seg eit bilete.

– Så eg trur det er veldig viktig at muslimar snakkar for oss sjølve og ikkje lar folk snakke for oss. At vi seier kva vi meiner og kva vi føler, tenker og erfarer, sånn at folk ser at vi er heilt vanlege menneske vi også, som berre trur.

Flytta til Oslo

Wala Jibril følte at ho stod i ein konstant spagat mellom å vere med på å drikke og dra på festar, eller å bli heime, for det var ikkje noko anna alternativ der ho budde.

I dag har ho flytta til Oslo, og ho opplever å bli møtt med eit opent sinn og at folk i mykje større grad er vande til innvandrar, muslimar og moskear.

– Så det var annleis og det var difor eg flytta – for å få eit betre miljø og det var betre for mi psykiske helse.

Å høyre negative haldningar og fordommar mot muslimar gjer Wala litt trist, for ho synest ikkje det reflekterer det fellesskapet dei har.

– Det er mange som blir litt sjokkert over kva fellesskap vi har og kor god tone vi har. 

I dag studerer 22-åringen utviklingsstudium på OsloMet, og ho opplever at medstudentane har ei betre forståing av det å vere muslim og at ho kan ha samtalar med dei om trua.

– Sjølv om vi er ueinige, så respekterer vi framleis kvarandre.