Islamsk Råd Norge har danna ein ungdomskomite som skal arbeide med å minske fordommar og skape eit nærare forhold mellom unge muslimar og andre unge i det norske samfunnet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vere ung muslim i Noreg, det er vanskeleg. Eg har jo møtt på masse rasisme sjølv opp gjennom åra.

Det seier Ayesha Zaeem på telefon til Framtida. Ho er vald til leiar av den første ungdomskomiteen til Islamsk Råd Norge. 16-åringen forklarar at mange unge muslimar kan føle på ein utanforskap, og at ein ofte blir møtt med negative haldningar.

– Sjølv har eg blitt møtt med det gjennom skulegangen. Då eg gjekk med eit religiøst plagg, fekk eg mange stygge kommentarar om at eg kom til å sprenge skulen og at eg gjekk rundt med bomber under hijaben og slikt.

Også nestleiar i komiteen Zakaria Hussain deler slike opplevingar. 13-åringen fortel til Framtida at han brukar arabiske klede og muslimsk bønehue, og at han synest det kan vere litt vanskeleg å vere synleg muslim i Noreg.

– Det er mange som slenger negative kommentarar til muslimar, som «dra tilbake til landet dykkar» eller «din terrorist» og slike ting.

– Då tenkjer eg at mitt land er jo Noreg, både eg og mor mi er fødde og oppvaksne her, så viss eg skal dra tilbake til eit land, så veit ikkje eg kor det skal vere, utdjupar han, og ler litt av det absurde i situasjonen.

Islamofobi og framandfrykt

– Islamofobi går ut på at nokre menneske ikkje likar religionen islam, og dei likar heller ikkje folk som praktiserer religionen islam, altså muslimar, forklarar Hussain.

Han trur dette kjem av frykt, usikkerheit og mangel på kunnskap – altså framandfrykt, at ein er redd for noko ein ikkje veit kva er. 

Ayesha Zaeem. Foto: privat

– Vi må spreie riktig informasjon, for det er veldig mykje feilinformasjon som finst rundt om kring om muslimar og om religionen islam, seier Zaeem, og legg til at sjølv om det er mange positive sider ved islam, er det gjerne berre negative som blir trekt fram på TV.

Begge meiner ein må rette opp i feiloppfatningar for å fjerne fordommar, og at kunnskap er viktig. Det kan ein gjere ved å snakke med kvarandre i staden for om kvarandre, forklarar Ayesha.

Zakaria synest ikkje ein lærer nok om rasisme og hat mot minoritetsgrupper, og meiner det burde få større plass i skulen.

– Og viss det er nokre muslimske barn som opplever hat og rasisme, er det veldig lurt å snakke med nokon ein stolar på, som til dømes ein lærar eller ein vaksen heime, oppmodar han.

Dannar ungdomskomite

Islamsk Råd Norge opplever at ein del ungdommar tek kontakt, og dei såg derfor behovet for å opprette ein eigen ungdomskomite.

– Det er dei som møter utfordringane i kvardagen og best kan svare på korleis det er å vere norsk muslim i dag. Det er dei som kjenner både det positive og det negative på kroppen, seier Mustafa Mahmood, informasjonsansvarleg i Islamsk Råd Norge. Han meiner ein absolutt treng fleire unge, muslimske stemmer i Noreg.

Komiteen med totalt ti ungdomsmedlemmar skal bli leia av Zaeem og Hussain. Oppgåva deira er å arbeide med saker som omhandlar unge muslimar i Noreg, og å nå minoritetsungdom på plattformene der ungdom er.

– For meg var dette veldig stort! Eg har alltid hatt ein draum om å få starte ei slik gruppe for å forbetre samfunnet, seier leiar Zaeem.

Komiteen skal allereie til helga ha sin første aktivitet. Då skal dei ha stands i Oslo der dei skal prøve å snakke med unge og gjere dei kjende med kven dei er.

Samfunnsengasjerte ungdommar

Både Zakaria Hussain og Ayesha Zaeem har engasjert seg offentleg lenge. Hussain avslører at han allereie som 6-åring heldt sin første appell framføre Stortinget.

– Eg var fire år då eg lærte å lese. Eg pleidde å bli med mor mi i butikkar, og der pleidde eg å lese på avisene som står framføre kassa. Då såg eg jo veldig mykje om krig og urett som skjer i verda, og eg blei ganske nysgjerrig og byrja å stille mora mi spørsmål om kvifor slike ting skjer. Etter kvart blei eg berre meir og meir engasjert, fortel han.

– Eg er veldig takksam for at dei andre i gruppa har tillit til meg, seier Zakaria Hussain, som er vald til nestleiar i Islamsk Råd Norge sin ungdomskomite. Foto: privat

Sidan har han stilt opp i artiklar hos fleire riksaviser, samt vore med i ein serie om tru på NRK Super.

Zaeem fortel at samfunnsengasjementet har smitta over frå foreldra hennar, og at ho mellom anna har skrive ein artikkel. Men å delta i den offentlege debatten har vore veldig opp og ned.

– Det var veldig mange som var glade for at eg snakka om noko som har blitt snakka om før, men på ein litt annan måte. Og så var det veldig mange negative sider til saka også, frå folk som uttrykte mange islamofobiske meiningar.

Ho opplever at dei unge er mindre frampå med rasisme, og fortel at dei fleste negative kommentarane kom frå vaksne.

Lar seg ikkje skremme frå å delta

Også Hussain har blitt møtt med negativitet når han har delteke i samfunnsdebatten. Han fortel at det har blitt skrive «hatartiklar» om han, der vaksne hevdar at han blir trent opp til å bli ein terrorist, at han blir hjernevaska og at han oppmodar andre barn til å drive med terrorisme, noko han understrekar at ikkje stemmer i det heile tatt. 

Hedigvis er dei fleste tilbakemeldingane positive, og han seier han ikkje lar seg påverke noko særleg av dei som slenger rasistiske og negative kommentarar, for han tenkjer at dei ikkje veit kva dei snakkar om.

– Og viss det påverkar meg i det heile tatt, så er det berre positivt, for då tenkjer eg at eg må spreie min bodskap til enda fleire folk, slik at færre og færre skal snakke stygt til meg og andre muslimar. For min religion handlar om fred, ikkje terrorisme og slike ting, avsluttar han.


Sana frå Skam synte ei ung, norsk muslimsk jente som freista å balansere kvardagen med religionsutøvinga si. Foto: NRK

Sana frå Skam synte ei ung, norsk muslimsk jente som freista å balansere kvardagen med religionsutøvinga si. Foto: NRK

Islamsk Råd Norge

Islamsk Råd Norge er ein paraplyorganisasjon for islamske trussamfunn og organiasjonar i Noreg. Tidlegare fekk dei statsstøtte gjennom Kulturdepartementet, men denne vart trekt tilbake i 2017 på grunn intern strid i organisasjonen.