Stortinget seier nei til å lovfeste rettane til funksjonshemma

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag skal Stortinget stemme over eit forslag frå Raudt om å inkorporere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i menneskerettslova.

Konvensjonen er allereie ratifisert av Noreg. Men verken Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre eller Framstegspartiet, som til saman har fleirtal, vil førebels oppdatere lovverket, viser innstillinga frå justiskomiteen på Stortinget.

Ap og Sp viser til at regjeringa er i ferd med å innhente ei juridisk ekspertvurdering, og vil vente til denne ligg føre, seinast innan utgangen av 2023.

SV, Raudt og Venstre meiner på si side det er på høg tid å lovfeste rettane til funksjonshemma.

Det vil styrkje rettsvernet til denne gruppa og ha ein viktig signaleffekt, meiner dei.

Stortinget har fleire gonger tidlegare, seinast i 2020, behandla liknande forslag, som altså aldri har vorte vedtekne.


Les også:«Unge aktivistar har alltid vore heilt avgjerande i kampen vår for likestilling»

Bilete av pionerane i Netflix-dokumentaren Crip Camp. Rådgjevar i Uloba, Henriette Nielsen, hyllar foregangsfigurane. Foto: Netflix