«Kampen for funksjonshemma sine rettar er vår tids viktigaste likestillingskamp!»

Simen Bondevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På laurdag går Stoltheitsparaden av stabelen. Ein årleg parade for å synleggjere den politiske kampen for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne i Noreg. Fleire politikarar kjem til å delta med talar og fine ord. Men orda må følgjast opp med politisk handling. Det hastar for Noregs største minoritet og mest diskriminerte gruppe.

Tid for eit taktskifte

Kvar einaste dag får menneske med nedsett funksjonsevne grunnleggjande rettar brotne. 100.000 funksjonshemma står utanfor arbeidslivet sjølv om dei både vil og kan jobbe. 80 % av grunnskulane i Noreg er ikkje tilgjengelege for funksjonshemma. 1 av 3 funksjonshemma har fått hatytringar mot seg, 11 prosent av desse har fått beskjed om at dei ikkje burde blitt fødd eller ikkje har rett til å leve. Dette er provoserande tal.

Har fått beskjed om at dei ikkje burde blitt fødd eller ikkje har rett til å leve

Sjølv om dette er likestillingskampen vi har kome aller kortast i, får han òg minst merksemd. Både i media, rundt middagsbordet og frå politikarane på Stortinget. Kanskje skuldast det at det politiske fleirtalet i Noreg gjennom alle år har behandla funksjonshemma som andrerangs borgarar? Tida er overmoden for eit taktskifte og ein politikk som tar et oppgjer med den systematiske diskrimineringa av funksjonshemma i Norge.

Få CRPD inn i norsk lov

Ein god start ville vore å inkorporere CRPD, FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne, i menneskerettslova. At menneske med nedsett funksjonsevne skal ha grunnleggjande rettar på lik linje med resten av befolkninga burde vore så sjølvsagt at det ikkje var oppe til diskusjon eingong. Men realiteten er at FrP, Høgre, Venstre og KrF for litt over eitt år sidan stemte mot å inkorporere CRPD i norsk lov.

Insinuerte at funksjonshemma sine rettar ikkje er «ekte menneskerettar»

Michael Tetzschner frå Høgre sat i samband med CRPD-debatten i Dagsnytt 18-studio og insinuerte at funksjonshemma sine rettar ikkje er «ekte menneskerettar». Heldigvis påpeikte Karin Andersen (SV) heilt korrekt i den same debatten at det er nettopp det det er. Alt for lenge har menneske med nedsett funksjonsevne blitt sett på og behandla som andrerangs borgarar. Og det er den diskriminerande politikken Noreg fører på feltet skuld i.

FN kritiserer Noreg

Noreg har fleire gonger fått kritikk frå FN for behandlinga av menneske med nedsett funksjonsevne. FN kritiserer blant anna Noreg for store forskjellar mellom kommunane i tenestetilbod og for aukande grad av institusjonalisering. Noreg får også kritikk for ikkje å ha inkorporert CRPD i menneskerettslovgivinga. Det er ubegripeleg at det politiske fleirtalet i Norge ikkje har tatt til seg denne kritikken og gjort noko med diskrimineringa.

Stoltheitsparaden trengst. At politikarar deltar i paraden og held fine talar trengst også. Men mest av alt treng vi konkret politisk handling for å overvinne diskrimineringa og sikre at grunnleggjande menneskerettar blir oppfylt. Kampen for funksjonshemma sine rettar er vår tids viktigaste likestillingskamp!


Har du noko viktig på hjarta? Skriv inn til: tips(a)framtida.no.


Les også: «Vi ynskjer å leve verdige liv – ikkje berre eksistere»

Henriette Nielsen, vara sentralstyremedlem Norges Handikapforbund. Innfelt: Banner frå Pride i Tromsø 2019. Foto: Privat