Nytt nederlag for funksjonshemma sine rettar i Stortinget: – Skuffande

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag stemte Stortinget over kor vidt FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) skulle bli teken inn i norsk lov.

Forslaget var eit representantforslag frå Sosialistisk Venstreparti.

Noreg har frå før av forplikta seg til å følgje konvensjonen, men han står ikkje over det norske lovverket slik det er i dag.

Karin Andersen, Sosialistisk Venstreparti, Hedmark. Foto: Stortinget

– Denne saka handlar om éin ting – skal menneskerettar til menneske med funksjonsnedsetting vere likestilt med andre sine menneskerettar? Det er det vi tar eit prinsipielt og verdimessig standpunkt til i dag, sa Karin Andersen (SV) frå talarstolen på Stortinget.

Ho viste til at ei inkorporering vil styrkje demokratiet, og at dei andre diskrimineringskonvensjonane er tatt inn i norsk lov.

Nei for tredje gong

Resultatet i voteringa på Stortinget blei 42 stemmer for og 45 stemmer imot, og forslaget blei forkasta.

MDG, SV, AP, Raudt og SP støtta forslaget, medan regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre samt Frp stemte imot.

Det er tredje gong Stortinget stemmer ned forslag om å innlemme rettskonvensjonen i norsk lov. Sist gong var det 8 for og 90 imot, men denne gongen mangla berre 3 stemmer.

–  Funksjonshemma står i store menneskerettsbrot og diskriminering kvar dag. Eg tenkjer at vi no er på rett veg, seier leiar i Norges Handikapforbunds Ungdom Marianne Knudsen. Foto: Privat

– Sjølvsagt er vi jo skuffa over at det ikkje blei vedtatt, men samstundes var det veldig nært. Tidlegare har det vore eit heilt anna fleirtal imot, og det viser at vi no er inne i ei ny tid, seier leiar i Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) Marianne Knudsen på telefon til Framtida.no etter at resultatet var klart.

Ho utdjupar at ein uansett dagens utfall, har sett diskriminering og funksjonshemma sin kamp for rettar på kartet. Debatten heng ikkje lenger igjen i eit helse- og omsorgsperspektiv, men kampen blir no sett som ein menneskerettskamp.

– Det er det det handlar om, den kampen har blitt så lite anerkjent. Det er sjølvsagt skuffande når det er politisk fleirtal, men ikkje blir vedtatt. Samstundes har vi brote ein lydmur i ein offentleg debatt og klart å kome igjennom. Eg trur ein har fått ein wake-up call.

Stortinget stemte for justiskomiteen si innstilling om å ikkje inkorporere CRPD i norsk lov. Komiteen viser til at ved ratifikasjonen av CRPD i 2013 forplikta Noreg seg til å følgje konvensjonen, uavhengig av korleis han er gjennomført i norsk rett.

Regjeringa vil utgreie konsekvensane

Det var på førehand venta at voteringa ville få dagens utfall, men tysdag morgon blei det på nytt spenning etter at Venstre og Kristleg Folkeparti hadde fått med seg regjeringa på eit forslag om å utgreie konsekvensane av ein inkorporasjon av CRPD i norsk lovgivning.

Hans Fredrik Grøvan, Kristelig Folkeparti, Vest-Agder. Foto: Stortinget

– Funksjonshemma sine rettar er heilt sentralt for KrF og eg er glad det no er semje mellom regjeringspartia om dette forslaget, sa parlamentarisk leiar i KrF, Hans Fredrik Grøvan til TV 2.

Også Venstre uttalar til kanalen at dei er glade for at regjeringspartia har blitt samde om å starte arbeidet med å utgreie konsekvensane.

– Eg håpar at dette forslaget vil få fleirtal i Stortinget i dag, sa justispolitisk talsperson i Venstre, Solveig Schytz til kanalen i forkant av avstemminga.

Men, det gjorde det ikkje. Forslaget fekk 30 stemmer for og 57 imot, og blei dermed forkasta.

Styrkt optimisme

NHFU-leiaren er glad det ikkje blei fleirtal for ei utgreiing av konsekvensar.

– Då blir våre menneskerettar sett på vent nok ein gong, seier Knudsen.

Ho viser til at det allereie er gjort ei utgreiing i samband med ratifiseringa av konvensjonen i 2013 og at mange fagmiljø har uttala seg om problemstillingane som blir løfta.

– Anten så meiner ein at menneskerettane til alle skal vere likestilte, eller så meiner ein det ikkje. Det er eit prinsipielt val.

Knudsen har tru på at vi er på veg inn i eit skifte, der funksjonshemma sin kamp blir anerkjent som ein kamp for rettar, noko også lova må spegle att. Ho understrekar at lova må vere basert på eit ikkje-diskrimineringsperspektiv, ikkje eit helse- og omsorgsperspektiv.

– Sjølv om ikkje alle parti har kome dit enda, så vil vi kome i mål. Eg er optimistisk til at CRPD blir inkorporert i norsk lov i neste stortingsperiode. Så no må vi berre jobbe med mobiliseringa fram mot valet til hausten. No var vi nesten i mål, og eg trur at vi kjem heilt i mål.


NHFU Trøndelag-leiar Martine Eliasson meiner det er på høg tid samfunnet kastar dei diskriminerande haldningane sine, og anerkjenner likestillingskampen til funksjonshemma. Foto: Privat