Taliban forbyr vindauge mot stader der kvinner oppheld seg

Taliban meiner at vindauge mot stader der kvinner er kan føre til uanstendig oppførsel.

Janne Nerheim
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior, som er systeravisa til Framtida.no.

Taliban har bestemt at vindauge ikkje skal vende mot stader der kvinner oppheld seg.

«Å sjå kvinner jobbe på kjøkenet, på gardsplassen eller hente vatn i brønnar kan føre til uanstendig oppførsel», skriv ein talsmann for Taliban på X ifølge NRK.

Dei som allereie har vindauge som vender mot stader der kvinner oppheld seg, må blokkere dei, står det i dei nye reglane.

Les også: Afghanske Hoda (27) står opp mot Taliban: – Me er ikkje fortidas kvinner

Ung kvinne med leppestift, utslått hår og vinterjakke

Aktivist Hoda Khamosh (27) har utmerka seg med sin motstand mot Taliban-regimet kamp for kvinners rettar i heimlandet Afghanistan.