«Unge aktivistar har alltid vore heilt avgjerande i kampen vår for likestilling»

Henriette Nielsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Netflix-dokumentaren «Crip Camp» er ein kjend tittel for fleire, og har utgangspunkt i Camp Jened i New York. Her blei ei sentral likestillingsrørsle for unge funksjonshemma i USA skapt.

Uloba tek inspirasjon frå denne leiren når vi for andre gong arrangerer Camp Freedom. Ikkje tilfeldig, på same dag som FNs internasjonale dag for funksjonshemma, 3. desember. Gratulerer med dagen til alle funksjonshemma!

CRPD inn i norsk lov

I år er det særskilt stor spenning om CRPD, konvensjonen som sikrar funksjonshemma menneskerettar, endeleg skal bli ein del av norsk lovverk. Kjem denne inn i lovverket, vil det verte avgjerande for at vi skal få assistansen vi treng for å kunne ta utdanning og kome i arbeid.

Utan utdanning står ein bakarst i køen inn på arbeidsmarknaden. Manglar ein timar med assistanse til studium og for å få kvardagen til å gå i hop, veit vi at mange ikkje vil greie å gjennomføre utdanninga som kan gje ein trygg plass i arbeidslivet. Rett assistanse er eit frigjeringsverktøy, som gjev oss høve til å leve frie, aktive og likestilte liv – livet vi har rett til!

Assistanseordninga BPA er i dag er underlagt kommunalt ansvar og ein del av helselovverket. Det gjer at det er store skilnader på kor mange timar assistanse ein får. Mange kommunar ser BPA som ei helseordning dei sjølv skal styre, ikkje ei ordning som funksjonshemma sjølv skal ha ansvar for.

Med den statusen CRPD har i dag, har ikkje funksjonshemma nok juridisk støtte til å krevje dei rettane som burde vore like sjølvsagde for oss, som andre.

Fryktar ny Høgre-regjering

At CRPD skal inn i lovverket, vart inkludert i Hurdalsplattforma i 2021. Det er forventa at regjeringa prioriterer lovforslaget slik dei har sagt dei skal gjere.

Men denne veka viste også partiet Høgre kva dei eigentleg meiner. I handsaminga av eit forslag i Stortinget om å ta CRPD inn i norsk lovverk, avviste partiet at konvensjonen skal inn i lovverket.

Regjeringa må derfor skunde seg. Får vi ikkje CRPD inn i norsk lov i denne Stortingsperioden, er vi er redde for at ei ny Høgre-leia regjering heller ikkje vil gjere CRPD til norsk lov.

Det er alt ekstremt skuffande at det er ni år sidan Noreg ratifiserte CRPD, og at konvensjonen framleis ikkje er gjort til norsk lov.

Aktivisme for likestilling

Aktivisme er difor viktigare enn nokosinne. 3. desember er viktigare enn nokosinne. Og unge aktivistar har alltid vore heilt avgjerande i kampen vår for likestilling.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no


Les også innlegget: «Eit samfunnsproblem vert ikkje løyst ved å bli tvinga til å vere naken,» skriv Andrea Teistedal Dyrøy (17)

Andrea Teistdal Dyrøy (17) vann retorikkonkurransen Ta ordet! med sin appell for dusjbåsar på skulen. Foto: Tove K. Breistein/Ta ordet!