Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den sommaren vaska eg doar på hotell og selde statuar på Glasmagasinet i Oslo, og kjende at livet var litt trått.

Ingrid Gjessing Linhave (45) tenkjer tilbake sommaren 1997, då ho var 20 år gammal.

Ho hadde lyst til å søkje Teaterhøgskolen, men torde ikkje. Ho fekk råd om å skaffe seg så mykje audition-erfaring som mogleg, og hadde difor gått på første og beste audition ho fann.

Det var til prestisjeskulen Liverpool Institute for Preforming Arts, òg kjend som Paul McCartney-skulen.

– Så datt det ein svær brun konvolutt ned i postkassa. Dette var jo førre hundreår, så då kommuniserte ein jo mykje med papir, og i brevet stod det at eg vart tilboden plass på LIPA.

Frå Idol til Maskorama og 24-stjerners julekalender

I nesten 20 år har Ingrid Gjessing Linhave vore eit kjent fjes på TV. Ho vart allemannseige då ho og makkar Solveig Kloppen losa sjåarane gjennom Idol i 2004, og har seinare vore fast innslag på NRK både på skjermen og i kulissane.

I haust var det ho som gøymde seg bak kostymet av kjærleiksgudinna Frøya i sjåarsuksessen Maskorama. Linhave lurte dommarane, som gjetta alt frå Bertine Zetlitz til Trude Drevland.

Ingrid Gjessing Linhave var Frøya i Maskorama. Foto: Ulrik Kramer, Fremantle / NRK

No er Linhave aktuell i statskanalen si nye julesatsing, 24-stjerners julekalender.

Måneskinnsmøy og vakre Alvar

I 1997, før LIPA-brevet deisa ned i postkassa, gjekk Ingrid Gjessing Linhave på Ringerike folkehøgskole. Der var ho med å setje opp musikalen Show Boat.

– Eg dansa og song og elska det! fortel ho på e-post til Framtida.no.

Linhave fekk òg rolla som Måneskinnsmøy, då folkehøgskulen sette opp Haugtussa. Då song ho litt, men det var mest dans på scena:

– Sånn dans der ein skal vrimle rundt som eit slags yndig snøfnugg og vere mjuk i heile kroppen. Eg gjorde det med ei salig blanding av djup verdigheit og masse ironi.

I 1997 fekk Ingrid Gjessing Linhave rolla som Måneskinnsmøy i Haugtussa. Foto: Privat

Hennar sterkaste minne frå det året, er då tilbodsbrevet frå LIPA kom og ho skjønte at ho hadde fått plass på skulen.

Då var det berre å pakke familien sin største koffert, brette snikkarbuksene saman så fint ho kunne og reise til England.

– Hugsar at eg forelska meg allereie første veka i vakre Alvara frå Mexico. Då eg klipte meg kort og ved eit uhell farga håret gulrotoransje, slutta han å helse.

Spice Girls-feber

Kvardagen i Liverpool var full av måling, teikning, song og skodespel. Men han var òg prega av at 20 år gamle Ingrid Gjessing Linhave hadde dårleg råd, sakna foreldra og søskena sine, var mykje forelska og «bitte litt kjærast med ein gut, trur eg».

– Det var vel ikkje eit år som akkurat gav meg kjensla av at verda var ein dritfet stad. Men eg hugsar at eg sende min aller første e-post. Hadde ingen å sende han til, så måtte sende til læraren, fortel Gjessing Linhave og held fram:

– Og eg hugsar at eg prøvde å verte litt kul i stilen, så eg kjøpte meg klede i Liverpool som eg i ettertid ser at var veldig Spice Girls, og veldig vanskeleg mote å bere. Hahaha.

For i 1997 var Spice Girls i si stordomstid. So tell me what you want, what you really, really want spelte på radioar verda over.

Sjølv lytta Linhave til Tracey Chapman, Kari Bremnes og Beady Belle medan ho gjekk på folkehøgskulen:

– Og til og med noko rar irsk folkemusikk som læraren var svak for. Men så i Liverpool sklei eg elegant over på Spice Girls, Michael Jackson og listepop.

Linhave minnest vidare at 1997 var året prinsesse Diana døydde, og at den komande suksessgruppa a1 heldt audition:

– For eg hugsar kompisen min på LIPA, Christian Ingebrigtsen, drog på audition og vart med. Og så hugsar eg at eg var på Prodigy-konsert og Skunk Anansie, og at motebilete var litt romskip-aktig den hausten.

a1 sleppte sitt første album i 1999, og prega hitlistene både i Noreg og verda. Frå venstre: Ben Adams, Paul Marazzi, Christian Ingebrigtsen og Mark Read.
Foto: John Berge, NTB Pluss / SCANPIX

Skodespelardraumen

Ingrid Gjessing Linhave lurer på om 20-årsdagen hennar vart feira med eit vorspiel i barndomsheimen, den einaste gongen ho har fått løyve til noko slikt.

– Mamma og pappa skulle på kino, og eg fekk lov til å ha vennar på «fest» fram til klokka 23:00. Meiner å hugse at det var ein veldig varm julikveld og at vi seinare drog ut på byen, sikkert saman med vennane frå folkehøgskulen.

Dei viktigaste personane i livet til Linhave på den tida var mamma, pappa, venninnene hennar Kjersti og Hilde, bestevennen hennar Kristoffer og søskena hennar.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg var heilt sikker på at eg ville verte skodespelar og drøymde om å spele i stykket Av måneskinn gror ingenting. Og på sikt kanskje gjere musikalar og komedie, men aller, aller helst sterke stykke «om livet sjølv».

Ingrid (45) til Ingrid (20): Ikkje bruk pengar på telemarkutstyr

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg har alltid hatt ei veldig blanding av bekymringar og nydelege draumar, redsel for krig og ulykker, og samstundes fantastiske bilete i hovudet om dei vakraste og mest vidunderlege visjonar for framtida, forklarar Gjessing Linhave, og held fram:

– Men, eg var nok redd for 3. verdskrig, å ikkje finne ut kva eg skulle verte og at eg kanskje aldri, aldri kom til å finne meg ein skikkeleg bra kjærast.

Om Ingrid (45) hadde møtt Ingrid (20) trur ho dei to hadde kome godt overeins. Ho minnest seg sjølv om ganske morosam og avslappa, ærleg og merksam, og håpar ho framleis er slik i dag.

– Og så trur eg at eg hadde ledd veldig mykje, for då hadde eg endeleg møtt ein som er like glad i latter, og tull og tøys. Ein med klin lik humor. Ein som aldri seier: Nei, no er det ikkje gøy lenger … For ei lukke!

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Kanskje sagt at eg ikkje må bruke masse pengar på telemarkutstyr, for det kjem eg faktisk ikkje til å bruke ein einaste gong, og at eg ikkje treng å bekymre meg så mykje for framtida.


OBS: Ingrid Gjessing Linhave svarte på same spalte i Framtida i 2019, men det hadde journalisten gløymt. Godt er det, for denne gongen har ho grave djupare i både minner og fotoalbum. 


På bilete til venstre er Halvor Bakke 34 år gammal. Til høgre er interiøreksperten i dag, 52 år gmmal. Foto: Morten Holm / NTB, Mona Nordøy
/Cappelen Damm