I dag ville løpedronninga råda seg sjølv til å sjå livet utanfor idretten.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg feira vel tjueårsdagen min med langrennsveninner. Det var ikkje noko fest, for det var framleis litt i skisesongen, så då var det ikkje rom for å ha store festar.

Det seier Ingrid Kristiansen på telefon med Framtida.no. For nokre veker sidan runda løpeveteranen 70 år.

Kristiansen har ein lang idrettskarriere, med verdsrekordar i 5000 meter, 10 000 meter og maraton på 80- og 90-talet. Det er framleis ingen norske kvinner som har slått tidene hennar på 10 000 meter og maraton, og ho er no aktuell med boka Steg for steg, der ho deler erfaringar og gir løperåd.

For femti år sidan, i 1976 då ho var 20 år, var det derimot ikkje løping som dominerte. For dama frå Trøndelag var det éin sport.

Bokomslag: Res Publica

– Eg var jo god i friidrett, men det var ski som var den store idretten.

Ho fortel at ho gjekk på skule med Berit Aunli, som vart ein av dei beste norske skiløparane på 70- og 80-talet.

– Vi var like gamle og skulle saman bli best på ski.

Friår med litt lite innhald

I 1976, då Kristiansen framleis heitte Christensen, sikta ho seg inn til OL i Innsbruck, og ho hadde teke eit friår etter ho var ferdig med vidaregåande for å jobbe og fokusere på idretten.

– Då trente eg to gongar om dagen som skiløpar, så det vart ikkje noko kvileheim, det vart det ikkje. Men erfaringa med å ta fri eitt år frå skulen og eit vanleg liv, det var dårleg. Eg kom meg til OL, men bortsett frå det tilrår eg ikkje folk til å ta fri sånn. Du blir einsam.

Når ho ikkje trente, hadde ho forskjellige jobbar. Det vart noko tid i butikk, noko tid til å vaske på ein sjukeheim, og litt måling.

– Det var eigentleg litt sløvt. Viss du tenker på kva eg har gjort i etterkant, så hadde eg litt for god tid.

Sidan ho var 15 år hadde ho drive med intensiv trening. Idretten var ikkje noko nytt og når ho elles berre budde heime, vart det for lite innhald i dagane.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Det var vel eit presidentval borte i USA? Nei, eg hugsar ikkje. Der ser du kor dum ein var som idrettsutøvar, eg var ikkje så veldig oppteken av kva som føregjekk rundt meg.

Ho hugsar at ABBA var store, og at ho gjerne dansa til musikken deira når ho hadde sjansen til det, men det var ikkje så ofte.

Det var absolutt eit presidentval i USA i 1976. Jimmy Carter vann over Gerald Ford, som hadde teke over for Nixon. | Foto: David Hume Kennerly, Public domain, via Wikimedia Commons

– Då var det ikkje slik som no, at ein hadde musikk på øyret heile tida. Og eg hadde så dårleg med tid, at eg høyrde på det som tilfeldigvis var på.

Samstundes budde ho med foreldra, og den einaste staden å spele av eigen musikk var i stova. Der var det ikkje rom for at barn og ungdom skulle setje på akkurat det dei ønskte.

Pengar skulle sparast

Foreldra var dei viktigaste personane i livet til ei ung Ingrid Kristiansen.

– Dei var støttespelarar så det heldt.

Ho fekk bu i barndomsheimen, og trong ikkje betale noko for det. Då ho byrja å studere, tok ho opp studielån som dei fleste andre.

– Då fekk eg klar beskjed om at det ikkje var noko å kjøpe seg for dei pengane, det var sånn ein kunne bruke til andre ting når ein var ferdig.

Smarte val i idretten

Skia ho fekk gratis frå skiforbundet, vart etter kvart lagt på hylla av fleire grunnar.

– Glasfiberski kom, og då hadde eg ikkje så stor sjanse lenger, for det var andre kvalitetar for å bli ein god skiløpar.

Då vart Kristiansen meir og meir løpar.

– Når ein skulle kombinere studium og idrett var det lettare å kombinere med løping, for då trong du ikkje snøen, minnest ho.

Ho visste også at ho hadde lyst på ein skikkeleg jobb, noko som var vanskeleg å prioritere som profesjonell norsk skiløpar.

– Enten var ein skiløpar, eller så jobba ein. Så då jobba eg heller, og byrja å springe, og det angra eg ikkje på. Det var jo veldig smart, for det vart jo ei mykje betre framtid enn å vasse oppi marka på ski!

Sjå litt større på livet

Om Kristiansen hadde møtt seg sjølv som 20-åring i dag, trur ho at ho ville tenkt at ho møtte ein målretta person, som ikkje var einsidig.

– Eg har alltid vore utadvendt og grei å snakke med, men eg hadde kanskje råda vedkommande til å sjå livet utanfor idretten endå meir enn eg gjorde den gongen, seier ho.

Den erfaringa kom seinare. Ho fann kjærleiken som 22-åring, og gifta seg som 24-åring, med ein mann ho omtaler som sportsinteressert, men ikkje sportsidiot.

– Han kom til å bety mykje for meg i den perioden der.

Då ho var 27 år, vart ho mor.

– Då vil eg seie at eg var ein meir moden person, som såg litt annleis og litt større på livet. Idretten, som betydde så mykje for meg i 20-åra, var veldig lite i den store samanhengen.

Ingrid Kristiansen med familien sin i 1987 i Nederland. | Foto: Bogaerts, Rob / Anefo, CC BY-SA 3.0 NL, via Wikimedia Commons