– Draumen min var glasklar, men det var vanskeleg for meg å bestemme meg for å bli skodespelar. Eg tenkte at eg måtte bli vald. Det er jo noko både sant og trist i det.
Andrea Bræin Hovig (49) fortel om framtidsdraumane ho hadde då ho var 20 år. I dag er ho skodespelar, songar og barnebokforfattar og nyleg aktuell med ungdomsromanen Dette er Ellens bok.
Skodespelardebuten
Ho debuterte på Det Norske Teatret i 1995, som Borghild i Kranes Konditori og har halde fram og jobba med formidling og scenekunst sidan ho gjekk ut av teaterhøgskulen.
Mest kjend vart ho kanskje for rolla som Anja i filmen Håp, frå 2019. Denne fekk stor internasjonal merksemd og vart vald ut som Noreg sitt bidrag til Oscar-utdelinga i 2020. Same år fekk ho Amandaprisen for beste hovudrolle, for nettopp denne rolla.
I 2003 debuterte ho som artist med plata Hjertetvinner og i 2008 kom den første barneboka om Ville Wilma.
Syngande servitør
Då ho var 20 år leigde ho ein liten leilegheit på Majorstua og budde der saman med hunden sin.
– Eg hadde ein litt lokete kvardag, og såg på Love Boat på dag-TV kvar dag. Ikkje min prime time i livet. Men så fekk eg jobb som «Syngande servitør»/korist i NRK sitt TV-program «Rondo», så då var det berre å skjerpe seg, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

Andrea Bræin Hovig som korist. Foto: Privat
På fritida las ho mykje skjønnlitteratur, og fortel at ho alltid har vore ein bokslukar.
– Utan litteratur har eg det dårlegare, rett og slett.
Elles hang ho på klubben HeadOn i helgene, og mimrar om å bli vinka forbi køen, gå ned i den mørke kjellaren, og så berre danse.
– Nittitalet der var så konge. På mange måtar tenker eg at eg peaka der. Lite har kunna måle seg med det, eigentleg.
– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?
– Kjærasten min.
20-årsdagen sin hugsar ho ikkje særleg av. Ho blir alltid ubekvem av å bli feira, fortel ho.
– Venene mine veit dette. Eg treivst ikkje med barnebursdag heller. Men. jo, eg trur eg var på HeadOn! Eigde dansegolvet, forhåpentlegvis.
Ho har fleire sterke minne frå tida som 20-åring. Det å kvar veke skulle vere med på direktesendt TV utan å ha noko erfaring, var ein slags frykt-trommel kvar fredag, minnest ho.
– Men i Glimt hadde eg det heilt utruleg gøy.

Andrea Bræin Hovig åleine og saman med veslesystera. Foto: Privat
Livsendrande teaterjobb
Det sterkaste minnet frå då ho var tjue år var likevel å jobbe med idolet sitt Allan Edwall, som regissør på Det Norske Teatret. Det var hennar første teaterjobb og ho hugsar det som at ho var både elendig og stiv i starten.
– Eg hadde ingen idé om korleis eg skulle arbeide. Hjelpe meg.
Men ein dag mumla Edwall «Du är begåvad».
– Då gjekk eg på do og grein. Og søkte Statens Teaterhøgskole. Eg får framleis gåsehud av den augneblinken. Det var livsendrande for meg.
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Eg var pessimist, då som no.
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Eg ville tenkt at eg var litt overlegen, trur eg. Men eg hadde nok sett at det var ein forsvarsmekanisme.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Eg ville gitt meg sjølv eit råd om å vere meir sosial. «Folk er fine», ville eg sagt. Eg var så skeptisk til andre menneske. Usjenerøs, på ein måte. Eg er rett og slett blitt mykje meir glad i folk.
Les også: Då eg var 20: Kaveh Rashidi kom inn på bustadmarknaden takka vere finanskrisa