Som 20-åring var ho redd for å mislukkast. I dag rår programleiaren den yngre seg til å «drite i skulle og burde».
– Etter å ha vore tullete opptatt av å levere gode karakterar på vidaregåande, såpass at eg droppa å vere russ for å fintune inn til eksamen (ædde muli?), var eg himla skulelei og tok eit år der eg jobba fulltid på Dampbageriet i Kristiansand.
Det fortel Julie Strømsvåg (44) i ein e-post til Framtida.no.

Julie Strømsvåg er programleiar for tredje sesong av Bakemesterskapet. Foto: Lars Kristian Steen/NRK
Programleiaren, som for tida er aktuell i Bakemesterskapet på NRK, vurderte som 20-åring ein heilt annan karriereveg. Samstundes som ho jobba på bakeri, studerte ho fysikk og kjemi, sidan ho vurderte å søke seg inn på legestudiet.
– Men eg var altså så fed up av å lese, at det tok ikkje mange månadane før eg droppa heile kveldsskulen.
Strømsvåg skjønte at å bli lege ikkje var den store draumen likevel.
Progrock og meininga med livet
Utanom å steike 12-øres (skulebollar frå Kristiansand) og smørje bagettar til den store gullmedaljen, gjekk kvardagen som 20-åring til å vere saman med kjærasten som ho var superforelska i.
– Vi hang med vennar, og gjekk masse på konsertar i helgene. Ah, det var tider!
På musikkfronten gjekk det mykje i metal og progrock, og programleiaren avslører at bandet som fekk køyrt seg aller mest på Minidisc-spelaren, var In Flames. Opeth var ein annan favoritt.

Julie Strømsvåg hadde ein rocka stil som 20-åring. Foto: Privat
Strømsvåg las òg mykje av Axel Jensen på den tida. Ho var veldig fascinert av hans absurde og leikne univers der han kombinerte noko som var nesten science fiction med søken etter meininga med livet.
– Konklusjonen hans var vel at livet er meiningslaust, det er derfor opp til oss å gi det meining. Det likar eg.
Magisk Ringenes Herre-premiere
Strømsvåg blei 20 år i 2001. Ho har gløymt mykje frå den tida, men to hendingar frå det året sit langt framme i pannebrasken.
Terrorangrepa 11. september auka bevisstheita rundt internasjonal politikk og konfliktar.
– Og som stor Ringenes Herre-fan var eg sjølvsagt på premieren av The Fellowship of the Ring.
Strømsvåg skildrar det som ei heilt magisk oppleving.
– Eg trudde aldri ei filmatisering kunne overgå dei scenene eg spelte ut i hovudet då eg las bøkene, men det var heilt enormt, minnest ho.
Satsa på seg sjølv
Utanom 11. september og Ringenes herre, er det sterkaste minnet augeblikket ho skjønte at forholdet ikkje var så solid som ho trudde.
– Eg var på Oslo-tur med brørne mine og hadde akkurat sett cupfinalen mellom Vålerenga og Bryne då verdas kjipaste telefon kom. Livet etter det endra seg drastisk. I dag vil eg seie heldigvis.
– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?
– Første del av året eg var 20 var det kjærasten min. Vi var saman i 3,5 år og var veldig solide, før det rauk brått. Andre halvdel vil eg seie den viktigaste personen i livet mitt var meg. Eg måtte ta nokre tøffe val og satsa, kanskje for første gong, på meg sjølv. Flytta til Stavanger og gjorde det eg visste eg eigentleg ville: Studere journalistikk.
Troppa opp hos Fevennen
Strømsvåg fortel at ho tidleg var inne på tanken om å bli journalist.
Då ho gjekk på ungdomsskulen troppa ho opp hos Fædrelandsvennen med notatblokk og bad om å få intervjue ein driven journalist om korleis det er å vere journalist.
– Men eg landa ikkje på at det var det eg ville gå for før eg hadde tatt ein pause frå skulens mas og jag. Det var heilt nødvendig for meg å kople av for å få tilbake gnisten.
– Journalistikk var også mykje teori, men aller mest praksis. Det var det eg trong.
Det valet skulle vise seg å vere bra, for i dag kan 44-åringen sjå tilbake på ein lang og innhaldsrik karriere som journalist og programleiar. Mange kjenner ho kanskje best som sportsjournalist. No har ho teke over som programleiar for Bakemesterskapet.

Julie Strømsvåg var ein av programleiarane under ski-VM i Trondheim i 2025. Foto: Julia Marie Naglestad
● Les også: Då eg var 20: Bake-Cathrine vart frelst av foto
– Drit i skulle og burde
Som 20-åring var Strømsvågs største frykt å mislykkast.
– Eg var lenge driven av ei frykt for ikkje å få det til, framfor ei lyst til å lykkast.
Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring, ville ho tenkt at ho der er av den melankolske typen, og at ho ikkje treng å bere heile verda på skuldrene sine.
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Nei, det gjer eg faktisk ikkje. Eg har aldri følt at eg har vore ambisiøs, har aldri hatt eitt klart og tydeleg mål. Vegen har blitt til medan eg har gått, og eg har kasta meg på og verkeleg gitt alt i dei moglegheitene eg har fått.

Julie Strømsvåg hugsar ikkje noko av 20-årsdagen, men sidan ho aldri har vore god til å feire eigen bursdag, tippar ho det ikkje var noko storfeiring det året heller. Foto: Privat
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Drit i skulle og burde, ikkje kople deg på alle krav. Er det noko du drøymer om akkurat no? Gå for det! Det er dette som er tida for å oppleve og lære.
– Og ver så snill, våg å lære nye ting sjølv om du ikkje meistrar det med éin gong. Ingen er dritgode på noko på første forsøk. Så ta sjansar, sei ja til moglegheiter sjølv om du er redd. Og: Det viktigaste er å vere eit godt menneske, og ikkje minst å samle på bra folk.






