Då eg var 20: Tobias Busæt måtte lære seg å vere unorsk

Fotballtriksar Tobias «Becs» Brandal Busæt tok sitt første VM-gull då han var 20. Men proff-karriera kom ikkje gratis.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Tobias «Becs» Brandal Busæt (33) er ein fotballtriksar, med fleire sigrar i VM, EM og NM, så vel som ein verdsrekord. Han har delteke i Mesternes Mester på NRK, og var i fjor å sjå i Skal vi danse og Rampenissen på Tv2.

– Eg måtte leite gjennom album på mobilen, Youtube og Instagram for å hugse tilbake til då eg var 20. Det er heile 13 år sidan, og mykje har skjedd sidan då. Men éin ting eg som 20-åring og eg som 33-åring har til felles, er at vi begge driv med fotballtriksing, skriv han i ein e-post til Framtida.

Mykje fokus på fotball

Busæt fortel at kvardagen var lagt opp rundt trening. Han trente fem–seks timar, seks dagar i veka, og trong difor også ein god del kvile. Mykje av dagane gjekk til reise, konkurransar og trikseshow.

På fritida sende han ut e-postar til fotballklubbar og moglege sponsorar. Han brukte mykje tid på å bygge opp si eiga karriere. Og det viste det seg at han trong.

– Eg vann min første VM-tittel. Eg forventa nok at det skulle gi meg ein del merksemd og gjere det lettare å leve av sporten. Men der tok eg feil! Det vart verken skrive om i VG eller lokalavisa. Det var nok det året eg forstod at eg måtte gjere mykje sjølv, utanom det å vere ein idrettsutøvar.

Han skriv at han måtte lære seg å promotere seg sjølv. Det gjorde han mellom anna på Instagram, som verkeleg byrja å ta av på denne tida.

– Eg måtte rett og slett vere unorsk.

I tillegg var han i gang med å skape sitt eige sportsmerke, Off-Pitch.

Jobba mentalt

Det er nettopp VM-tittelen som står igjen som det sterkaste minnet til Busæt frå den tida. Men gullet kom ikkje gratis.

Busæt hadde allereie ambisjonane på plass då han var 20. Medan han opphaveleg hadde lyst til å bli fotballproff, hadde tankane på denne tida dreidd seg meir over mot fotballtriksing.

– Eg har alltid vore bestemt på det eg gjer, sjølv om kva eg ønska å bli har endra seg, skriv han.

Han skildrar den unge versjonen av seg sjølv som entusiastisk, og skriv at han for det meste såg moglegheiter.

Busæt var veldig motivert og jobba hardt og mykje. Han var også bekymra. Inntekta var uviss og varierte frå månad til månad, noko som gjorde det vanskeleg å senke skuldrene.

Busæt sleit også med å prestere i konkurransar, og han følte ikkje at han fekk vist kva han var god for. Det han frykta mest var å ikkje få henta fram det fulle potensialet sitt.

Han jobba difor mykje med det mentale, og las mange bøker om mindfullness.

– Det gav verkeleg resultat, skriv han.

Uvissa kring økonomien bidrog nok også til kor svolten han var på å få det til, tenker han i ettertid. Men foreldra hans støtta alltid vala hans, og støtta og stabiliteten heimanfrå var ekstra viktig i denne perioden, slår Busæt fast.

Hardtarbeidande ung gut

– Kva gjorde du på 20-årsdagen din?

– Eg er ganske sikker på at eg tok min første og største tatovering. Eg skreiv Freestyle på innsida av armen.

Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at dette er ein hardtarbeidande ung gut med ein ja-mentalitet, og ein som kan få til mykje! Eg var nok i overkant oppteken av eigne prosjekt og karriere, noko som kunne gå ut over vener og familie. Men eg tenker også at 20-åra for meg handla om å etablere meg, og å lære.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Ikkje tvil på retninga di, men lær deg å kvile i den.