Ny leiar: OD-leiar Magnhild Beate Orvik ville invitert Kjartan Lauritzen på middag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdom i Noreg skal ikkje gje pengar av medynk. OD-dagen handlar om å gje ungdom i Noreg eit høve til å jobba for ei betre verd saman med ungdom frå det globale sør, skriv Magnhild Beate Orvik i ein e-post til Framtida.no.

Den 3. november er det klart for årets Operasjon Dagsverk, dagen då norske ungdommar på ungdomsskulen og den vidaregåande skulen brukar ein skuledag på å støtta elevar i andre land.

Årets prosjekt er eit samarbeid med Mental Helse Ungdom, der pengane går til satsing på psykisk helse i Uganda.

Leiaren i Operasjon Dagsverk understrekar at det ikkje handlar om «oss og dei», eller «gjevarar og mottakarar».

– Mottakaren er fellesskapet, og vi er alle i same båt. Alle tener på at ungdom i heile verda har gode liv, og vi fortener alle like moglegheiter.

Magnhild Beate Orvik (20) møtte 17-åringane Stacy og Phoebe på besøk i Uganda. Foto: OD

Draumen er at alle skular deltek

Orvik forklarar at visjonen for OD er ei rettvis verd forma av ungdom. Solidaritet, ungdom og utdanning er difor sentrum i alle OD-prosjekt.

– Vi meiner at ungdom sine meiningar må bli høyrde, om ikkje vert det skapt ei urettvis verd på dei vaksne sine premiss. Ungdom skal styre verda i morgon, og om vi skal skapa berekraftig utvikling, er våre perspektiv viktige i dag, understrekar Orvik, og legg til:

– Utdanning skaper moglegheiter, og bidreg til utvikling for menneske og samfunn. Det er gjennom utdanning ein får ei berekraftig utvikling av samfunnet. Vi trur på solidaritet, og at alle menneske er like mykje verd, uansett kor i verda ein bur.

Første OD-møte

OD-leiaren sine tre hjartesaker er: at alle menneske, uansett bakgrunn, skal bli respektert og behandlast likeverdig, dyr sine rettar og klima og miljø.

20-åringen frå Midsund fekk sitt første møte med Operasjon Dagsverk allereie på ungdomsskulen, noko som gjorde inntrykk.

– Då eg fekk læra meir om uretten i verda og det at ein faktisk kan gjera noko med det som enkeltperson, blei eg skikkeleg engasjert. Eg følte eg måtte gjera noko for at verda skulle bli ein meir rettvis stad, og det står framleis veldig sterkt i meg den dag i dag.

Den aller første OD-dagen kan ha gått med til vaffelsteiking på det lokale senteret. Året etter fekk 14-åringen arbeid på Nille.

– Det var veldig gøy. Følte meg skikkeleg vaksen og fekk henge opp reklameplakatar og sånt rundt om i butikken. Så har eg vel også berre jobba heime med å vaska hus og slike oppgåver, forklarar Orvik, som seinare har brukt dagen til å halde foredrag om OD.

Orvik ser opp til dei tidlegare OD-leiarane og har som mål å fylla deira sko. 20-åringen er oppteken av å vera ein trygg leiar som ser alle, som det ikkje kjennest skummelt å snakka med om vanskelege ting.

– Eg trur på å vise mi eiga sårbare side. Vi er alle berre menneske, og eg forventar ikkje perfeksjon av nokon. Det er mykje viktigare å skapa meistringskjensle og engasjement. Eg er tydeleg, men det er viktig at alle kjenner seg trygge på å kome til meg, skriv Orvik.

Operasjon Dagsverk-gjengen med banner for årets prosjekt som samlar inn pengar til Mental Helse Ungdom-prosjektet for betre psykisk helse blant unge i Uganda. Foto: OD

Jobb og fritid

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Jobben min som leiar for OD tek jo mykje tid. Eg prøver å leggja frå meg jobb etter eg dreg frå kontoret, og synest det er veldig viktig å skilja mellom jobbtid og fritid. Likevel er det fort ei lita melding her eller ein mail der som må svarast på etter jobbdagen er over.

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– Eg er veldig glad i å ha kvalitetstid med venene mine! Og så prøver eg å få inn litt trening og lesing der det går, om eg ikkje blir sitjande med ein god serie i staden for.

OD-leiar Magnhild Beate Orvik føretrekk katt framfor hund, New York over hyttetur og taco over pizza.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg bruker nok litt (ein god del) for mykje tid på mobilen min, og får med meg mykje informasjon frå sosiale medium. Eg plar lese nyheitsartiklar gjennom Facebook, og så har jo TikTok ein tendens til å vera ei informasjonsbombe også.

Orvik synest det er vanskeleg å velja kva nyheitsoverskrift ho drøymer om å vakne opp til.

– Det beste hadde vel vore noko med verdsfred, men for å gjera det litt egoistisk, så kanskje noko med at alle skular i Noreg vil delta på Operasjon Dagsverk i år, hehe.

Per dags dato er det 366 skular og nesten 80 000 elevar som er påmelde årets Operasjon Dagsverk.

Akkurat korleis idealsamfunnet ser ut, har ikkje Orvik nokon fasit på. Likevel trur ho at samfunnet hadde utvikla seg til det betre om alle hadde lært meir om kvarandre sin kultur, bakgrunn, tankesett og personlegdomstrekk.

– Om ein lærer meir om kvarandre trur eg det er enklare å respektera og forstå kvarandre, som eg trur ville løyst ein god del problem i samfunnet.

Kjartan og vegetarnachos

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg trur eg og Kjartan Lauritzen kunne hatt ein veldig morosam middag saman. Han er ein fet type som berre hadde fått meg til å storkosa meg. Eg trur eg måtte ha laga ein deilig vegetarnachos, og vist han kor digg det er.

 

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?

– Eg var faktisk ein skikkeleg lesehest då eg var yngre, og så kom sosiale medium og tenåringslivet og tok over, som har gjort at eg ikkje har lese nokre bøker på mange år. Heilt til for litt sidan då TikTok overtydde meg om å lese «It Ends with Us» av Colleen Hoover, som sikkert alle som har lese bøker eller ser på TikTok har fått med seg allereie.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg er ein sucker for Skal Vi Danse, men synest Quicksand og Sherlock er fantastiske seriar også.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Åh, alt av Kjartan Lauritzen! Kan gå for «Ta på meg» om eg må velja.


Bak artistnamnet Kjartan Lauritzen står Per Áki Sigurdsson Kvikne frå Balestrand. Han har investert i hotell i heimbygda. Pressefoto

Magnhild Beate Orvik

  • Alder: 20
  • Personleg pronomen: Ho/henne
  • Frå: Midsund i Møre og Romsdal
  • Yrke/utdanning: Leiar for Operasjon Dagsverk
  • Favorittfag på skulen: Sosialkunnskap
  • Ulike verv: Skulékomitemedlem 2017, Distriktskomitémedlem 2018-2020, Hovedkomitémedlem 2021
  • Medlem i: Framtiden i våre hender, lightup og Natur og Ungdom

Operasjon Dagsverk

  • Aksjonen vart starta av Noregs Gymnasiastsamband og er vidareført av Elevorganisasjonen
  • Årleg solidaritetsaksjon gjennomført av ungdomsskule- og vidaregåandeelevar frå heile landet
  • Vart arrangert første gong i 1964 og årleg frå 1967