Senterungdommen vil kutte EØS-midlar
Senterungdommen vil heller gje pengar til Ukraina enn å forhandle med EU om EØS-midlar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målet med EØS-midlar er å jamne ut sosiale og økonomiske kår i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og sikre betre forhold mellom landa.

Ibrahim Ali er internasjonal leiar i Senterungdommen. Foto: Senterungdommen
Senterungdommen vil at Noreg skal kutte EØS-midla kraftig for neste periode, og at pengane som blir igjen i ordninga skal bli omprioritert, skriv Nationen.
Vil prioritere Ukraina
– Senterungdommen meiner at pengar til prosjekt for sosial og økonomisk utjamning i andre EU-land, no må bli nedprioritert til fordel for Ukraina, seier Ibrahim Ali, internasjonal leiar i Senterungdomen, til Nationen.
Den nye forhandlingsrunden om kor mykje Noreg skal gje EU i EØS-middel byrja 16. juni. Då den førre avtalen blei signert i mai 2016, forplikta Noreg seg til å gje 27 milliardar kroner til ordninga.
Europeisk Ungdom: Usolidarisk

Kristine Meek Stokke er nyvald leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Privat
Leiar Kristine Meek Stokke i Europeisk Ungdom meiner Senterungdommen sitt forslag er usosialt og usolidarisk.
– Ukraina treng oss, men det tyder ikkje at me berre kan kutte i utjamningsmiddel til andre land. Kvifor er det nett desse midla som skal bli kutta i, spør Stokke.