DNT ung ber politikarane få fart på sirkulærøkonomien – kjem med fem krav

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNT ung har sidan 2016 arrangert Grøn Fredag som eit motsvar til forbruksfesten Black Friday. Ungdomsorganisasjonen opplever at mange er interesserte i korleis dei kan ha meir berekraftige liv.

Anna Nes, leiar i DNT ung meiner at det er bra at folk engasjerer seg, men meiner at politikarane burde ta meir ansvar. I ei pressemelding set ho fem berekraftskrav til politikarane.

👕 Gjer det lettare å handle brukt

– Vi må få vekk hinder for brukthandel, blant anna gjennom å skrote brukthandellova som er utdatert. Der er det gledeleg at næringsministeren har varsla ei endring, som vi og andre har utfordra departementet hans på fleire gonger.

🧵 Stimuler til meir reparasjon

Det må vere enklare og billigare å reparere enn å kjøpe nytt. Derfor må politikarane finne måtar å stimulere til meir reparasjon på. Det kan til dømes gjerast gjennom å påleggje produsentane å lage produkt som er lettare å reparere, eller å fjerne moms på fiksing.

📣 Anerkjenn systemproblemet

– Samvitsfulle unge folk kan ikkje redde verda åleine. Dette er ikkje berre ansvaret til forbrukarane, og dei folkevalde må erkjenne at det enorme forbruket er eit systemproblem.

♻️ Sats meir på utlånsordningar

– Fritidsaktivitetar kan krevje mykje utstyr. Derfor må styresmaktene på ulike nivå satse meir på utlånsordningar. Det er bra for lommeboka og for miljøet om vi deler meir, i staden for at alle skal eige kvart sitt.

📄 Løft fram delingsøkonomi i ei stortingsmelding

Deling må vere den nye normalen, men politikarane må bruke tid på å finne ut korleis. Derfor ønskjer vi oss ei stortingsmelding om delingssamfunnet og delingsøkonomi.


Les også: Dette bør du sjekke dersom du kjøper friluftsutstyr brukt

Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT