«Bli med på å farge november grønt – ikkje svart»

Anna Nes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

For berre nokre få år sidan var «Black Friday» eit lettare eksotisk innslag i rekkja av sal i norske butikkar. Noko vi hadde høyrt om i popkulturen. Kjernen var likevel velkjent og klisjéfullt; eit påskot frå butikkbransjen og varehandelen som skal få oss til å kjøpe meir. Kjøpe nytt, ynskje oss noko nytt, innbille oss at vi treng noko nytt.

Sanninga er nok som oftast at antakeleg treng vi ikkje vara vi blir freista til å sikle over. Naturen og klimaet treng i alle fall ikkje at vi forbruker fleire råvarer, slepp ut fleire klimagassar og produserer meir søppel. For det er det som er konsekvensane av sal og auka forbruk, og det veit vi godt. 

Kor mange sal er det plass til?

I dag er «Black Friday» eit etablert fenomen. No er det også vanleg å sjå utvida salskampanjar som «Black Week» og til og med «Black Month». Det kjem i tillegg til sal vi kjenner til frå før, som julesal, nyttårssal, mors- og farsdag og nyare fenomen som «Single’s Day» og «Cyber Monday». Kor mange sal er det plass til i kalenderen til varehuset? 

Varelagera skal tømmast og vi skal lokkast til å handle meir. Det er unødvendig, det er skadeleg for miljøet og det er kynisk i ei tid då folks privatøkonomi blir stadig trongare.

Eg forstår godt at folk er ute etter gode kupp når økonomien er trong, men auka forbruk er ikkje ein god medisin mot dårleg råd. Derfor ber eg deg om å spørje deg sjølv: Er tilbodet eg er freista av eit reelt tilbod eller er prisen sett opp for å lokke meg? Og kanskje aller viktigast: Treng eg eigentleg dette? 

Eg trur mange er lei av salspresset og gjennomskodar det. Og nokre butikkar skal ha ros for å stå over «Black Friday»-sal. Vi i DNT ung merkar også at stadig fleire er opptekne av eit meir berekraftig friluftsliv. Det er veldig gledeleg!

Klesbransjen kvittar seg med fleire hundre tonn uselde klede i året. Foto: Marius Dalseg

Byt, kjøp brukt og sel det du ikkje treng

97 prosent av alle nordmenn deltek i friluftslivsaktivitet, viser levekårsundersøkinga til SSB. Det viser at marknaden for turklede og -utstyr er stort. Det forstår vi også når vi ser på kor påfallande mykje friluftsutstyr som er på sal. Difor må vi hugse på at når vi er mange med same interessa, kan vi også få til mykje. Eg oppmodar difor alle om å bli del av den sirkulære økonomien gjennom å byte, kjøpe brukt og selje det du sjølv ikkje treng lenger!

Vi som elskar friluftslivet og naturopplevingar må ta på alvor at vi har eit høgt forbruk av klede og utstyr. Alle kan bidra til eit meir berekraftig friluftsliv med mindre belastning på natur og klima. 

Grøn fredag

Fredag 25. november arrangerer vi i DNT ung «Grøn fredag» med arrangement 17 ulike stader i landet, inkludert i dei store byane, og dessutan mindre stader. Her kan du selje ting du ikkje treng lenger, kjøpe noko brukt, lære meir om reparasjon og vedlikehald og få idear til enkle grep du kan gjere for å leve eit grønare friluftsliv. Eg håpar mange tek turen innom for å få inspirasjon.  

Du treng heller ikkje kome på eit arrangement for å vere med på å farge denne månaden grøn. Tenk etter kva du sjølv kan gjere for å kutte forbruket og minska utsleppa. Det aller enklaste fyst: 

Ta vare på det du har. Kjøp kvalitet i utgangspunktet, vedlikehald og reparer ting og klede. 

Tenk etter om du treng noko nytt. Lån, lei eller kjøp brukt om du absolutt må ha noko. Arranger bytekveld med venar og venars venar. 

Anna Nes på Grøn fredag med DNT ung Bergen på Kvartereti 2021. Foto: André Marton Pedersen.

Sel kleda og turutstyret du ikkje lenger brukar, slik at andre kan få nytta og gleda av det. Det kan du gjere komfortabelt frå sofaen på Finn, Tise eller til dømes byttegrupper i sosiale medium. 

Tida du sparar i kø på kjøpesenter kan du nytte til noko hyggeleg! Til dømes ein tur ut i naturen. Det er heilt gratis og fullstendig utsleppsfritt. 


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT