Seks filmar du kan sjå heime på valentinsdagen

Frå Hollywood-klassikar til gresk tragedie – her er meldarane sine tips til filmar å sjå på kjærleikens dag.

Jenny Lund, Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Peggy Sue Got Married (1986)

Peggy Sue (Kathleen Turner) har sett betre dagar. Ungdomstida forsvann på eit blunk då ho vart gravid medan ho stadig gjekk på skulen, og ho har nyleg separert seg få mannen, Charlie (Nicolas Cage), etter at ho fann ut at han var utru.

Når ho drar på 25-årsjubileet til klassen sin, forventar ho ikkje anna enn ein kveld med gamle fjes. Det er derfor eit sjokk då ho, etter å mista bevisstheita, vaknar i 1960, tilbake på den gamle skulen. Vitande om framtida som ventar ho set ho i gang med å gjere alt ho i etterkant ønskte ho hadde gjort, men er det nok til å sleppe frå skjebnen?

Denne romantiske komedien kjem, av alle folk, frå Francis Ford Coppola, regissøren av Apocalypse Now og Gudfaren.

Peggy Sue Got Married er den typen film som er akkurat passe teit og hjartevarmande om kvarandre, samtidig som tidsreiseelementet tilfører ei viss spenning.

Eg følgjer med dette også min personlege agenda om å få inn ein Nicolas Cage-film i kvar liste der det passar seg, og her har han forresten ein heilt absurd dialekt. Eg siterer stadig bilscenen.

Kor: SF Anytime, Apple TV, Blockbuster (leige/kjøp)

– Jenny Lund

The Philadelphia Story (1940)

Tracy Lord (Katharine Hepburn), den eldste dottera i ein velståande familie, gjer seg klar til å gifte seg med den rike politikaren George Kittredge (John Howard), to år etter at ho skilte seg frå sin førre mann. Mike (James Stewart) og Liz (Ruth Hussey), to journalistar frå tabloidtidsskriftet Eye, vert sende for å dekkje bryllaupet. For å få tilgang til familien, får dei hjelp av C.K. Dexter Haven (Cary Grant), eksmannen til Tracy.

Ho er forståeleg nok ikkje så begeistra, men går med på å la dei bli då ho får vite at sjefen i Eye sit på uheldig informasjon om far hennar. Samtidig viser det seg at kjenslene hennar for Dexter kanskje ikkje er så kalde som ein skulle tru. Heller ikkje Mike er så slesk som ho trudde. Dratt mellom gamle og nye flammar, og med trusselen mot familien sitt rykte hengande over ho, er det jammen ikkje sikkert at bryllaupet vil bli gjennomført som planlagt.

Dette er filmen som fekk meg til å skamme meg over fordommane mine mot klassisk Hollywood-film.

Eg var hundre prosent klar for ei formelbasert, utdatert forteljing som eg kunne fnyse av frå min høge hest her i det tjueførste hundreåret, men den hesten vart eg slått av ganske så kjapt.

The Philadelphia Story er nemleg ei underhaldande og engasjerande ‘elskar-elskar-ikkje’-forteljing med elskverdige karakterar og skodespel som renn over av kjemi.

Også manuset held seg godt, med eit par replikkar som fekk meg til å knekke saman då eg først høyrde dei. Eit strålande eksempel frå det som i dag vert kalla Hollywood sin gullalder.

Kor: YouTube, Apple TV (leige/kjøp)

– Jenny Lund

The Eternal Memory (2023)

Augusto Góngora er ein chilensk journalist kjent for sitt mot og arbeid under militærdiktaturet som styrte landet frå 1973 til 1990. Kona Paulina Urrutia har vore politisk og kulturelt engasjert gjennom fleire år, og jobba både som skodespelar og kulturminister. Dei to har vore saman i tjuetre år, men for åtte år sidan vart Augusto diagnostisert med Alzheimers. Denne dokumentaren er både ei hyllest til livet han, og dei to, har levd og eit vitnesbyrd om å ta hand om kjærleiken, sjølv når det vert vanskeleg.

Dette er eit litt annleis val, og kanskje ikkje det ein vil sjå etter på ein dag med kos og romantikk. Eg vil likevel framheve The Eternal Memory som eit av dei ømmaste portretta eg har sett av kjærleik.

På valentinsdagen er det ofte nyforelskinga med sine sommarfuglar i magen og romantiske gestar som hamnar i fokus, men det å elske kvarandre er så mykje meir enn det.

Om ein er open for å grine på kjærleiken sin dag, skal ein leite godt etter eit betre alternativ enn å sjå denne. Augusto Góngora døydde dessverre få månadar etter at The Eternal Memory hadde festivalpremiere, men med det vert filmen også noko å hugse han ved.

Kor: Cineast (gratis, bestemte bibliotek i Noreg), SF Anytime, Apple TV (leige/kjøp)

– Jenny Lund

Den sorte Orfeus (1959)

Viss du har behov for å drøyme deg vekk frå eit kaldt og kjenslelaust land, kan eg anbefale klassikaren Den sorte Orfeus frå 1959. Filmen er laust basert på den gamle greske myten om Orfeus og hans muse Eurydike, men viktigare enn å formidle ei tydeleg historie er skildringa av den verkeleg store kjærleiken i slåande omgjevnader.

Det er ein film ein lett kan bli riven med av, utan å henge seg opp i detaljar om kva som skjer i kvar enkelt scene. Karakterane er dømde til å gjere same feil som dei alltid gjer når historia blir fortald, så ein veit at det heile endar med tragedie.

Så her ligg appellen i all den flotte musikken, dansinga og fargane, som gjer at kjærleiken blir så mykje større, og sorga enda tyngre.

Den siste scena er verkeleg krona på verket. Etter den tragiske og skjebnebestemte slutten, får me ein vakker meditasjon rundt den endelause kjærleiken, fortald gjennom musikk og dans. Så bra!

Kor: Kan leigast på YouTube

– Ola Birgitsønn Vik

Portrait of a Lady on Fire (2019)

Eg synest det er vanskeleg å beskrive filmen på ein måte som får fram kor utruleg bra han er. Aldri før har eg kjent så mykje på nokon andre sin kjærleik, aldri før har eg blitt så knust av ein film som av denne.

Filmen følgjer Marianne, ein målar som får i oppdrag å dra til ei øy for å måle eit portrett av adelskvinna Héloïse.

Dette blir utgangspunktet for ein kort, men valdsam affære, og ei av dei beste skildringane av romantisk kjærleik eg har sett.

Regissør Céline Sciamma har verkeleg fanga noko heilt magisk på film. Han er intim utan å vere eksplisitt, intens og lun på same tid. Magien skjer i detaljane, eit lite blikk frå Héloïse til Marianne sender elingar gjennom heile kroppen min.

Dette er ein heilt spesiell film, som har med heile spekteret av det vakraste vakre og det knusande triste med romantisk kjærleik.

Adèle Haenel og Noémie Merlant spelar skikkeleg godt, verkeleg nyansert og kjensleladd.

Kor: NRK

– Ola Birgitsønn Vik

Paddington 2 (2017)

Paddington 2 er kanskje ikkje det mest openberre valet for ein valentinsdagsfilm: Paddington endar ikkje opp med ein bjørne-kjærast i slutten av filmen, og det er elles lite kyssing (sjølv om herr og fru Brun har sine augeblikk).

Dette er derimot ei av dei varmaste skildringane av korleis kjærleik og omtanke gagnar alle, eit bevis på at alle har behov for nokon som ser ein for den ein er.

Bjørnen Paddington frå det djupaste Peru har i denne filmen verkeleg funne seg til rette i London og hos familien Brun. Han hjelper naboane sine med å hugse nyklane sine, han vaskar vindauge berre for å vere hyggeleg, og gjer generelt alle sin kvardag litt lysare.

Uheldigvis hamnar han i ei knipe, og blir uskyldig dømd for tjuveri og endar opp i fengsel. Her gjer Paddington det han er best på, han nektar å fortvile, og gjer sitt beste for å spreie kjærleik og omsorg, på sin eigen vakre, og klumsete måte.

Paddington 2 er for deg som har lyst på ein varm klem av ein kosete bjørn på valentinsdagen. I tillegg har dei rosa fengselsdraktene eit tydeleg valentinsdagspreg, om ein legg litt godvilje til.

Kor: NRK, Viaplay, m.m.

– Ola Birgitsønn Vik