Stortingskomité tilrår stemmerett for 16-åringar – manglar truleg fem stemmer for gjennomslag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. juni skal Stortinget handsame eit representantforslag frå Venstre om å setje ned stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval til 16 år.

Tysdag kom innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomitéen: Dei tilrår å endre vallova slik at 16- og 17-åringar får stemmerett ved lokalval.

– Fleirtalet meiner at å senke stemmerettsalderen i lokalval kan bidra både til auka valdeltaking og til at fleire unge kjem inn i lokalpolitikken, står det skrive i komitéen sine merknadar.

Medlemmane frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre utgjer fleirtalet i komitéen.

Sei meininga di i målinga under:

Bør 16- og 17-åringar ha stemmerett?

Bør 16- og 17-åringar ha stemmerett?

Ja, ved både lokal og stortingsval13
Ja, men berre ved lokalval4
Nei, stemmerettsalder bør vere 18 år11
Veit ikkje0
Svar totalt: 28

Press: – Unge har politiske meiningar

– Dette er først og fremst veldig gøy, for det er noko vi har jobba for veldig lenge, seier Press-leiar Isaac Elstad Røssnes.

Han trur det har vorte meir aksept for stemmerett for 16- og 17-åringar, fordi det dei siste åra har vorte ekstra tydeleg at unge er politisk aktive og har politiske meiningar.

Isaac Elstad Røssnes er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Privat

21-åringen peikar på både kampen for klimarettferd, Black Lives Matter og kampen mot rasisme i Noreg.

– Det er unge som står i front og leier desse store politiske rørslene.

Ventar med feiringa

Men ungdomsorganisasjonen har ikkje bestilt inn kake for å feire, for den avgjerande runda i Stortinget står framleis att.

– Det er ikkje første gongen ein har fått eit utval som er positive til 16-årig stemmerett, så det står att litt å sjå om Stortinget er på vår side dei òg.

Arbeidarpartiet, Venstre, Raudt, MDG og SV har til saman 80 av 85 mandat som krevst for å få fleirtal for å endre vallova. Press håpar at også Senterpartiet, som i kontroll- og konstitusjonskomitéen var mot å senke stemmerettsalderen, skal stemme for.

Røssnes medgjev at det vil vere ei stor skuffelse om representantforslaget ikkje vert vedteke, og særleg med så liten margin.

– Det vil kjennest ekstra surt, særleg når ekspertane og dei som har sett på dette over lengre tid meiner det er rett å gje stemmerett til 16-åringar ved lokale val, poengterer han.

Vil late 16-åringar stemme ved neste lokalval

I grunngjevinga si peikar kontroll- og konstitusjonskomitéen på at eit fleirtal i vallovutvalet òg tilrår å senke stemmerettsalderen ved lokalval til 16 år.

Vallovutvalet vart sett ned i 2017 for å vurdere alle sider av den norske valordninga, og leverte sin rapport NOU 2020:6 Frie og hemmelige valg i mai 2020.

Vallovutvalet sine endringsforslag skal ikkje verte handsama i Stortinget før i 2023, og eventuelle endringar ved val vert difor ikkje gjeldande før tidlegast 2025.

Difor støttar kontroll- og konstitusjonskomitéen å endre vallova no, slik at stemmerettsalderen vert sett ned til lokalvalet i 2023.  

Illustrasjonsfoto: Valdirektoratet/Flickr

Meiner 16-åringar er modne nok

I grunngjevinga si peikar komitéen på at valdeltakinga er lågare ved lokalval enn ved stortingsval, og at avgjerslene tekne av lokalpolitikarar ofte har ein mykje meir direkte innverknad på folk sine liv.

– Difor meiner fleirtalet at det er rett og rimeleg at dei eldste elevane – dei som vert påverka mest av dei prioriteringane og vedtaka kommunestyra fattar – får vere med på å bestemme kven som skal representere dei, og kven dei trur er best eigna til å tale deira sak når budsjetta for neste år skal verte vedtekne.

Vidare meiner komitéen at 16- og 17-åringar er tilstrekkeleg modne til å få stemmerett.

– Fleirtalet viser til at 16-åringar vert rekna som modne nok til å ta val med stor betydning for seg sjølv og deira vidare liv, som at dei er helserettsleg myndige, dei vel vidaregåande utdanningsveg, og dei kan melde seg inn og ut av organisasjonar og trus- og livssynssamfunn og difor velje politisk og religiøs ståstad, skriv dei.

Fleirtalet meiner at ein må ha ei klar prinsipiell grunngjeving for å nekte nokon stemmerett.

Mindretalet: – Bør følgje myndigheitsalder

Medlemmane frå Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet var samde med mindretalet i komiteen, og støtta ikkje å senke stemmerettsalderen.

Mindretalet meiner det er prinsipielt rett at stemmerettsalder samsvarar med myndigheitsalder, og peika òg på at 16-åringar ikkje sjølve kan stille til val.

I eit meiningsinnlegg hjå Framtida.no argumenterer Unge Høgre-politikar Ole Christoffer Tangerud for å behalde stemmerettsalderen som i dag:

– Eg meiner at stemmeretten skal vere på lik linje som å drikke alkohol, betale skatt, køyre bil og spele pengespel, som er 18 år, skriv han.

Press-leiar Isaac Elstad Røssnes peikar på at myndigheitsalder og stemmerettsalder ikkje alltid har vore det same:

– Og som 16-åring kan du betale skatt, du er over den seksuelle lågalder og du kan verte straffa etter lova, poengterer Røssnes.

Press får også støtte frå moderorganisasjonen Redd Barna, som meiner det er på høg tid å inkludere dei eldste ungdommane i demokratiet.

– No er det viktig at politikarane på Stortinget nyttar denne historiske sjansen til å utvide det norske demokratiet og gje 16- og 17-åringar reell innverknad, seier generalsekretær Birgitte Lange i ei pressemelding.


Om LNU-leiar Margrete Katanasho kunne vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «16-åringar får stemmerett i Noreg!».
Foto: Sverre Øygarden Eikill