Norske 16- og 17-åringar får ikkje stemmerett ved lokalval

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar at politikarane skjønar at det er lov å endra meining og gå inn for 16-årig stemmerett. Det er viktig for demokratiet å sleppe unge til.

Det seier leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Margrete Bjørge Katanasho.

Organisasjonen har vore blant pådrivarane for å senke stemmerettsalderen ved lokal- og fylkestingsval.

78 for – 88 mot

I dag stemte Stortinget ned eit representantforslag frå Venstre om å senke stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval til 16 år.

Sjølv om kontroll- og konstitusjonskomitéen gjekk inn for forslaget, var det på førehand venta at forslaget ikkje skulle få fleirtal i Stortinget.

78 representantar stemte for forslaget. 88 stemte imot.

– Utestengde frå demokratiets viktigaste arena

Venstre-politikar Grunde Almeland gjekk på Stortingets talarstol for å tala for forslaget.

– Overgangen frå barneåra til livet som vaksen er glidande, men 16-åringar har alle naudsynte føresetnadar for å kunne bidra til demokratiet vårt gjennom valurna, sa Almeland frå talarstolen.

Stortingsrepresentant, Oslo Venstre, Grunde Almeland. Foto: Anna Dåsnes

Venstre-politikaren viser til at unge er meir samfunnsengasjerte enn generasjonane over dei, og flinkare enn eldre til å delta i organisasjonar, og skrive debattinnlegg.

– Likevel er dei utestengde frå demokratiets viktigaste arena, nemleg val. For det er synd at 16- og 17-åringane ikkje får påverke avgjerdene som angår dei. Avgjerder som vert fatta av lokalpolitikarar angår i høgste grad unge, understrekar Almeland.

Arbeidarpartipolitikar Tobias Hangaard Linge meiner 16-åringar er modne nok til å stemma. Foto: Ap

– Til gode å få hatefulle e-postar frå 16-åringar

Almeland peika på ei historisk moglegheit til å la unge stemme til valurnene, og gler seg over at Arbeidarpartiet har gått inn for stemmerett for 16-åringar. Arbeidarpartiet vil i motsetnad til Venstre, ikkje senke valbarheitsalderen.

Arbeidarpartipolitikar Tobias Hangaard Linge tok eit oppgjer med dei som meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å stemme.

– Eg har framleis til gode å bli skjelt ut på valstand, få hatefulle e-postar eller respektlause kommentarar av 16-åringar, sa 24-åringen frå talarstolen.

Høgre, Frp og Sp mot

Medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen Svein Harberg (H) viser til argumentasjon frå Høgre, Frp og regjeringspartiet Senterpartiet.

– Det er naturleg at stemmerettsalder og valgbarheitsalder henger saman. 18 år er sett som myndigheitsalder og valgbarheitsalder og det er det som er sett som overgangen til vaksenlivet kor ein får myndigheiter og ansvar, og at det òg bør gjelda her.

Leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Margrete Bjørge Katanasho meiner at argumentasjonen i saka bør snuast.

– I denne debatten er det me som er for som har måtte forklare kvifor ei styrking av demokratiet er bra, men det er eigentleg dei som ikkje vil sleppe 16- og 17-åringar til som bør forklara kvifor dei vil at nokon skal vera utestengde, seier LNU-leiaren.

Leiar i Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar, Margrete Bjørge Katanasho, er skuffa over avgjerda. Foto: Sverre Øygarden Eikill

Ho peikar på at aldersgruppa i stor grad vert påverka av politikken som vert ført i kommunar og fylke, då dei brukar mange av tenestene som kollektivtilbod og helsetilbod.

Trass i at det ikkje gjekk slik LNU hadde håpa, ser ho eit lyspunkt:

– Det er historisk høg oppslutning om 16-årig stemmerett, noko me er glade for, sjølv om det ikkje vart fleirtal, avsluttar Bjørge Katanasho.

Press:  Om ein kunne fått Senterpartiet med

Leiar i Press  Redd Barna Ungdom, Isaac Elstad Røssnes, er også skuffa over vedtaket og har merka seg den knappe marginen som skilde ja og nei-sida.

Isaac Elstad Røssnes er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Privat

 Om ein kunne fått Senterpartiet med, så kunne det gått gjennom og me fekk utvida demokratiet med 130.000 stemmer og betre medverknad, seier Røssnes.

Alberte Tennøe Bekkhus er leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

Raud Ungdom: – Skuffa

Også Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus er skuffa over vedtaket.

– Me i Raud ungdom er skuffa, men ikkje overraska, over at eit Storting med ein snittalder på 45 seier nei til 16-åringar si medverknad i val, skriv Bekkhus i ei tekstmelding til Framtida.no.

Ungdomspolitikaren viser til fleire av dei same argumenta som LNU-leiaren for å utvida demokratiet, noko ho lovar at Raud Ungdom vil jobba vidare for at skal skje.

– Eg trur det berre er et spørsmål om tid før det vil bli ein realitet.


Bakgrunnsfoto: Konstantin Lübeck – Eige verk/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0. Kollasj og redigering: Framtida.no. Sjå saka for kreditering av øvrige bilete.