I klårtekst: Stemmerett for 16-åringar – kven meiner kva?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stemmerettsalder har vore ei heit potet dei siste tjue åra, men saka er igjen aktuell.

1. juni skal nemleg Stortinget handsame eit forslag frå Venstre om å senke stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval til 16 år.

Å gjeve 16- og 17-åringar stemmerett har vore ei kampsak for fleire parti, og er også noko organisasjonar som LNU (Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar) og Press har arbeidd for i mange år.

Men kva er eigentleg argumenta for og mot? Kva parti vil behalde stemmerettsalderen på 18 år, og kven vil senke han?

Her får du ein gjennomgang av kva diskusjonane handlar om:

Kva seier dei politiske partia?

Partia er delte i synet på stemmerettsalderen, men ungdomsparti og moderparti er på linje med kvarandre.

? Desse er for:

Venstre går lengst og meiner 16-åringar bør få lov til å både stemme og stille til val i alle valbåde nasjonalt, regionalt og kommunalt.

Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti meiner alle at allmenn stemmerettsalder bør vere 16 år ved både lokalval og stortingsval.

Arbeidarpartiet har vore meir avventande, men viser i sitt partiprogram til at mange kommunar har svært gode erfaringar med stemmerett for 16-åringar. I midten av mai melde så stortingsgruppa til Arbeidarpartiet at dei vil senke stemmeretten til 16 år ved lokalval.

? Desse er mot:

I forslaget til nytt partiprogram i 2020, gjekk Kristeleg Folkeparti sin programkomité inn for å gje 16-åringar stemmerett ved lokalval. Dette fekk derimot ikkje gjennomslag, så i KrF sitt partiprogram går partiet inn for at stemmerettsalder skal følgje myndigheitsalder og vere 18 år.

Høgre er mot å senke stemmerettsalderen. Partiet har programfesta å behalde 18 år som stemmerettsalder ved både nasjonale og lokale val.

Senterpartiet og Framstegspartiet er òg mot å senke stemmerettsalderen, men har ikkje programfesta det.

Kva er greia med lokalval versus stortingsval?

I Noreg har vi som kjent både stortingsval og kommune- og fylkestingsval (lokalval), og for begge lyt du vere 18 år innan utgangen av valåret for å kunne gje di stemme.

Ved stortingsval er stemmerettsalderen grunnlovsfesta, medan stemmerettsalderen ved lokalval er regulert i vallova.

Det betyr at dersom ein vil gje 16-åringar stemmerett ved stortingsval, så lyt ein først endre Grunnlova.

Det er ikkje gjort på ein dag, for grunnlovsendringar må verte løfta og godkjende med 2/3 fleirtal i Stortinget i to ulike stortingsperiodar.

Tidlegare har stemmerettsalderen vorte sett ned fire gongar, for i den opphavlege Grunnlova frå 1814 var han sett til 25 år.

Å setje ned stemmerettsalderen ved lokalval er på si side mykje mindre omfattande. Då lyt ein berre endre § 2–2 i vallova, som seier kven dei røysteføre er. Dette kan ein endre med eit stortingsfleirtal.

Forslaget som skal handsamast i Stortinget no handlar om å senke stemmerettsalderen ved berre kommune- og fylkestingsval.

Kva er argumenta for?

Fleire peikar på at du som 16- eller 17-åring i Noreg både kan verte dømd etter norsk lov og lyt betale skatt om du jobbar, og meiner du difor også bør ha rett til å ta del i viktige avgjersler i samfunnet.

Dette er nokre av argumenta som oftast vert nytta av dei som vil senke stemmerettsalderen:

? Utvide demokratiet

For mange er eit viktig argument for å utvide stemmeretten, at ein gjev fleire borgarar direkte politisk innverknad gjennom val.

Om ein går inn for å late 16- og 17-åringar stemme ved lokalval, vil nesten 130.000 fleire verte inkluderte i demoraktiet.

? Auka valdeltaking og fleire unge representantar

Forkjemparane for å setje ned aldersgrensa argumenterer for at det kan auke valdeltakinga, samstundes som det òg vil føre til at fleire unge kjem inn i lokalpolitikken. Unge stemmer i større grad på unge, enn befolkninga elles.

? Demokratisk danning

Nokre peikar på at ein som 16-åring har gjennomført ti år grunnskule, og difor har fullført demokratiopplæringa ein har rett og plikt til. Dei meiner ein då òg bør få ta fullt ut del i demokratiet.

? Motvekt til eldrebølgja

Fleire argumenterer med at å gje stemmerett til 16-åringar og 17-åringar vil vere ei motvekt til eldrebølgja. I og med at vi lever lenger i dag, så har også alderssnittet på veljarane auka.

Det er dei som er unge i dag som må leve lengst med politikken som vert forma no og difor bør dei også få vere med å bestemme, meiner fleire.

? Avgjersler påverkar deira kvardag

Nokre peikar på at mange er flytta frå heimkommunen første gong dei får ta del i lokalval. Dei trur difor at å senke stemmerettsalderen til 16 år kan styrke lokaldemokratiet ved å la unge stemme i sine heimkommunar medan dei framleis bur der.

Samstundes vil det gjeve unge mogelegheit til å forme tenester i heimkommunen, som kollektivtransport, skulen, helsetenestene og kulturtilbodet, medan dei framleis nyttar dei.

Kva er argumenta mot?

Blant dei som vil halde stemmerettsalderen som i dag, peikar fleire på at ein som 16-åring ikkje vert rekna som vaksen, samstundes som nokre er uroa for kor politisk moden ein er i den alderen.

Dette er nokre av argumenta som oftast vert nytta av dei som vil behalde stemmerettsalderen som i dag:

? Bør følgje myndigheitsalder

Argumentet dei som vil behalde stemmerettsalderen som i dag løftar mest aktivt, er at du som 16-åring ikkje er juridisk vaksen. Dei meiner det difor er logisk at stemmerettsalderen følgjer myndigheitsalderen på 18 år.

? 16-åringar er ikkje politisk modne nok

Nokre meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å ha stemmerett, fordi mange framleis bur heime og vert forsørga av foreldra. 16- og 17-åringar betalar òg i mindre grad skatt enn den vaksne befolkninga elles.

? 16-åringar kan ikkje sjølve stille til val

Dei som meiner stemmerettsalderen bør vere som i dag, peikar òg på at du sjølv ikkje kan stille til val og verte vald om du er 16 år gamal.

Har vi testa dette før?

I Noreg har vi hatt forsøk med lågare stemmerettsalder ved lokalvalet i 2011 og i 2015. Då fekk 16- og 17-åringar stemme i 20 utvalde kommunar, som hadde ulik storleik, geografisk plassering og politisk profil.

Forskarar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) gjekk gjennom resultata frå dei to forsøksrundane og skreiv rapporten Hva skjer når 16-åringer får lov til å stemme?

I rapporten står det skrive at dei som er uroa for negative konsekvensar ved å senke stemmerettsalderen har lite å frykte, og at dei som håpar på positive endringar godt kan senke forventningane sine.

Prøveforsøka synte mellom anna:

1: Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar var overraskande høg, og låg så vidt under deltakingsnivået for alle veljarar samla sett. Dei aller yngste veljarane hadde ei høgare deltaking enn andre unge veljarar. Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar i 2015 var 57 prosent, medan ho i aldersgruppa 18–21 år var 44,8 prosent.

2: Eit av hovudfunna var at unge veljarar i større grad stemmer på unge politikarar, noko som gjorde at talet unge politikarar i kommunestyra auka.

Men: Prøveprosjekta tyder ikkje på at senka stemmerettsalder vil ha ei positiv effekt på valdeltaking på lang sikt. Den same konklusjonen nådde Statistisk sentralbyrå i sin  rapport Valgdeltakelse og alder – mulige effekter av endrede aldersgrenser.

I eit innlegg hjå Aftenposten peikar likevel ISF-forskar Johannes Bergh, som var med å evaluere prøveprosjekta, på erfaringar frå andre land som gjengjeve i boka Lowering the Voting Age to 16: Learning from Real Experiences Worldwide frå 2019.

Tal frå Argentina, Brasil, Ecuador, Nicaragua og Austerrike viser at dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde 5–6 prosent høgare valdeltaking ved seinare val, enn dei som fekk stemmerett som 18-åringar.

Kva tilrådde vallovutvalet?

I juni 2017 vart eit vallovutval sett ned med mandat til å vurdere alle sider av den norske valordninga og korleis val vert gjennomførte i Noreg. I mai 2020 leverte utvalet rapporten sin Frie og hemmlige valg til Kommunal- og moderniseringsdepartement.

Fleirtalet i utvalet føreslår å senke stemmerettsalderen til 16 år ved kommunestyre- og fylkestingsval.

I grunngjevinga skreiv utvalet at:

«Dette vil gi ungdom praktisk erfaring med demokrati, noe som kan øke framtidig valgdeltakelse. Fylkestingene og kommunestyrene behandler mange saker som angår ungdom, og som ungdom bør få mulighet til å påvirke gjennom stemmeseddelen.»

Utvalet gjekk ikkje inn for å senke stemmerettsalderen ved stortingsval eller for å senke aldersgrensa for kven som kan stille til val.

Kva tilrår komiteen?

Kontroll- og konstitusjonskomitéen har handsama representantforslaget frå Venstre, i forkant av at det skal opp i Stortinget.

Komitéen tilrår å endre vallova slik at 16- og 17-åringar får stemmerett ved lokalval

Fleirtalet i komitéen peika på at valdeltakinga er lågare ved lokalval enn ved stortingsval, og at avgjerslene tekne av lokalpolitikarar ofte har ein mykje meir direkte innverknad på folk sine liv.

– Fleirtalet meiner at å senke stemmerettsalderen i lokalval kan bidra både til auka valdeltaking og til at fleire unge kjem inn i lokalpolitikken. 

Arbeidarpartiet, Venstre, Raudt, MDG og SV har til saman 80 av 85 mandat som krevst for å få fleirtal på Stortinget.


Unge Høgre-politikar Ole Christoffer Tangerud (19) meiner at stemmerettsalder og myndigheitsalder bør vere det same. Illustrasjon: Valg.no. Foto: Privat