I starten av november la artisten Musti (21) ut eit Instagram-innlegg der ho avlyste alt framtidig arbeid og konsertar, med bakgrunn i at ho må ta vare på si eiga psykiske helse.

Under ei veke seinare kom eit liknande innlegg frå artisten Boy Pablo (23), der han avlyste den komande Asia-turnéen sin.

Han skriv mellom anna: «Energinivået mitt er veldig lågt og å reise mellom tidssoner når eg slit med insomnia er ikkje noko eg kan utsetje kroppen min for akkurat no.»

– Hadde bestemt seg for å vere ærleg

Tim Dunham jobbar med Boy Pablo, som eigentleg heiter Nicolas Muñoz, i plateselskapet og managementet 777Music. Han fortel i ein e-post til Framtida.no at det er viktig for dei at artistane gjer det som følast rett for dei og deler det dei sjølv ynskjer.

– Me oppmodar til ærlegdom og i dette tilfellet var det lett fordi Nico meiner psykisk helse er viktig å prate om og han har fantastiske, støttande fans.

Han fortel at responsen har vore overveldande positiv og støttande frå både fans og  samarbeidspartnarar.

– Var det lettare å dele fordi andre artistar, både internasjonalt og nasjonalt, har vore opne om dette?

– Eg veit ikkje om nokon av oss eigentleg tenkte på dette. Nico syntest det var veldig vanskeleg å avgjere på mange nivå, men med ein gong han hadde bestemt seg hadde han også bestemt seg for å vere ærleg om kvifor han måtte avlyse, seier Dunham.

Han meiner det er godt å sjå artistar bruke sin plattform til å påverke samfunnet positivt.

– Me er alltid veldig stolte over å støtte artistar som er opne om tema som folk slit med i det stille, for at folk skal føle seg mindre åleine og meir forstått.

CREO: – Vanvitig prestasjonsyrke og usikker arbeidssituasjon

Christine Thomassen, nestleiar i Creo. Foto: Creo

I CREO – forbundet for kunst og kultur, er psykisk helse eit viktig tema, og under landsmøtet i 2018 vart det vedteke som eit satsingsområde.

– Me har gjort det me kan for å byrje å opne opp når det gjeld dette temaet og til dømes etablert tilbod for samtaleterapi, arrangement og markere verdsdagen for psykisk helse, fortel nestleiar Christine Thomassen på telefon til Framtida.no.

Ho seier at dei har fått veldig mykje tilbakemelding på dette, med mange deltakande på arrangementa og eit stort behov for å snakke om psykisk helse.

– Er det fleire musikarar som kjenner på presset no enn før, eller berre fleire som er opne om det?

– Eg trur det er ein kombinasjon av fleire ting. Kunstnarar, musikarar og artistar har til alle tider hatt ein ganske ekstrem kombinasjon av vanvitige prestasjonsyrke, saman med ein for mange, veldig usikker arbeidssituasjon med dårlege rettar om ein blir sjuk, stort press og at det går ut over andre om ein må avlyse. Det er heilt naturleg at denne gruppa kan ha det tøft psykisk.

Pandemien vart ein katalysator

Thomassen trur det generelt i samfunnet har blitt meir openheit om psykisk helse dei siste åra, men at pandemien vart ein katalysator.

– Kunstnarane vart fråtekne høve til å utøve kunsten, som jo ikkje berre er ein jobb for dei, men ein del av kven dei er. I tillegg fekk dei det endå verre og skjørare med arbeidslivet. Eg trur pandemien har bidrege til at fleire har sett at dersom ein ikkje tek det på alvor, så kan det gå gale.

Forbundet merkar lite forskjell på om det er yngre eller eldre artistar som slit med psykisk helse, og Thomassen fortel at det er heile spekteret av medlemsmassen som nyttar seg av samtaletilbodet dei har.

– Unge er ofte veldig sårbare tidleg i ein etableringsfase med mykje press, og at mange kan slite av den grunn er naturleg. Samstundes kan ein få ein slags fatigue om ein har stått i denne situasjonen i mange år, med usikre arbeidstilhøve og prestasjonspress, seier ho.

Internasjonale artistar avlyser

Det er ikkje berre i Noreg artistar kjenner på presset og må avlyse. Internasjonalt er det også fleire store artistar som avlyser konsertar og turnear for å ta vare på si psykiske helse. I juli avlyste Shawn Mendes turnéen sin og oppgav psykisk helse som årsak. I september gjorde bandet Wet Leg det same.

Shawn Mendes på Oscar-utdelinga i mars 2022. (Foto: Jordan Strauss/Invision/AP)

– Når ein artist har gått til det skrittet å avlyse, så er det alvor, for det sit langt inne, fortel Thomassen.

Både overfor seg sjølv, publikum og at ein har så stor lojalitet til alle andre som blir rørt av det, til dømes dei som er del av turneen og konsertserien, forklarar ho.

– På eín måte gjer det meg trist fordi det viser at så mange ikkje greier å halde det gåande, samstundes gjer det meg glad fordi det viser at folk tar heile si psykiske helse på alvor. Men det er eit teikn på at mange må trø til for at vi skal ha eit sunt kunst- og kulturliv.

Vil alltid vere ein risikofaktor

Thomassen meiner ei rekke ting kan betrast for å gje kunstnarar og artistar lågare risiko for dårleg psykisk helse. Strukturelt, kulturelt, i helsevesenet, å sikre inntekter og sosiale rettar, honorarnivå og meir.

Samstundes meiner ho at openheit er ein veldig stor del av det, fordi det har vore tabubelagt så lenge.

– Me er heile menneske som har ein kropp og ein psyke og alt heng saman. Eg trur det er kjempeviktig at artistar er opne om årsaka til avlysingar dersom det er psykisk helse, seier ho og held fram:

– Om nokon hadde sagt at dei avlyste grunna omgangssjuke, så hadde alle forstått det. At nokon seier at det er psykisk helse som er årsaka, gir ei viktig legitimering om at dette er ein gyldig grunn.


Bilete av Musti frå ho opptredde under det nasjonale minnearrangementet i Oslo Spektrum, 10 år etter terrorangrepet 22. Juli 2011.
Foto: Fredrik Hagen / NTB / POOL