Unge på COP27 krev fossilfritt EU i 2030
Nordiske og europeiske ungdomsorganisasjonar har blitt samde om eit krav mot EU om utfasing av fossile brennstoff.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei siste dagane av klimamøtet vart ei lang rekkje ungdomsorganisasjonar frå Norden og Europa samde om eit krav retta mot EU om fullstendig og rask utfasing av fossile brennstoff i alle medlemsland i EU, for å nå 1,5-gradersmålet i Paris-avtalen.
Dei krev at alle europeiske land forpliktar seg til å slutte heilt med fossilt brennstoff innan 2030.
– Dei verste bekymringane slo ikkje til, men dei viktigaste resultata svikta. Mange unge fekk høve til å bli høyrde, men når dei kjem heim, treng dei meir makt til å leggje press på regjeringane for at klimaavtalen skal bli røyndom.
Slik samanfattar nokre ungdomsrepresentantar klimamøtet COP27 i ei pressemelding frå Nordisk samarbeid.
Les også: Miljøorganisasjonar saksøkjer staten for å stanse gruveavfall i Førdefjorden