Miljøorganisasjonar saksøkjer staten for å stanse gruveavfall i Førdefjorden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stemninga blir levert tysdag, opplyser Natur og Ungdom. Organisasjonane meiner at løyvet som vart gitt i 2015, ikkje inkluderte ein plan for handtering av gruveavfallet, og at det bryt med EUs mineralavfallsdirektiv og avfallsforskrifta.

Det er advokatfirmaet CMS Kluge som skal føre saka for miljøorganisasjonane. Søksmålet blir bygd på følgjande rettslege innvendingar:

  • Løyva byggjer på ei feilaktig forståing av EØS-rettslege miljøkrav
  • Det finst eit betre alternativ som forvaltninga var forplikta til å greie ut og vurdere
  • Miljøkonsekvensane vil bli meir alvorlege enn det som er føresett i løyva

LES OGSÅ: Om gruveprosjektet får halde fram, flyttar Vilde (15) frå heimstaden

– Bryt klart med forbodet

– Ei så kraftig forureining av fjorden bryt klart med forbodet mot degradering av vasskvaliteten, seier leiar Gina Gylver i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Gina Gylver er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Isabelle D. F. Poole

Selskapet Nordic Mining skal vinne ut titanmineralet rutil frå Engebøfjellet, som ligg på nordsida av Førdefjorden i Naustdal i Sunnfjord kommune i Vestland.

Restmassane frå rutilproduksjonen skal deponerast på vel 300 meters djup i Førdefjorden, noko som har utløyst kraftige protestar frå miljørørsla.

Rutil blir hovudsakleg nytta til produksjon av miljøvennleg pigment eller som råstoff til titanmetall. Forskingsstiftinga Sintef har tidlegare anslått at prosjektet kan gi 170 arbeidsplassar direkte knytt til produksjonen som er anslått til å gå føre seg i 50 år.


Her vert Aleksander Snarheim arrestert av politiet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0