Andrine Seppola (19) er innstilt som ny leiar i Senterungdommen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei stor ære å vera innstilt av valkomitéen som leiar av Senterungdommen. Eg er djupt takksam for valkomitéen si tillit, og er svært motivert for å leia laget vårt om landsmøtet vil det, seier Andrine Seppola (19) i ei pressemelding frå Senterungdommen.

Seppola kjem frå Tromsø og har vore nestleiar det siste året, saman med avtroppande leiar Torleik Svelle. Ho er også vararepresentant til Stortinget for Troms Senterparti.

Den nye leiaren vert vald på Senterungdommen sitt 73. landsmøte 18.–20. november 2022.

Valkomitéen har innstilt Ibrahim Ali (24) frå Oslo som politisk nestleiar
og Anne Martine Brox-Antonsen (24) frå Skjervøy som organisatorisk nestleiar.

 Dette er ein gjeng som kjem til å sikra at Senterungdommen blir lagt
merke til, jobba for gode løysingar og vidareutvikla politikken under stødig leiing av
Andrine Seppola, seier leiar i valkomiteen Rikke Håkstad i pressemeldinga.


Les også: Ungdomspartia trillar terning på statsbudsjettet

Ungdomspartia. Kollasj: Framtida.no. Foto: Pressefoto/Proxima Studi/Canva