Unge kvinner er dårlegast på å sjekke seg for livmorhalskreft

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den mest utsette gruppa, kvinner mellom 25 og 39 år, er det framleis heile 30 prosent som ikkje sjekkar seg for livmorhalskreft, viser tal P4 har henta inn.

– Det er nesten 400.000 kvinner som ikkje møter opp og tek livmorhalsprøve. Og det er veldig alvorleg, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen.

Livmorhalskreft er den tredje mest vanlege kreftforma blant kvinner. Trass i dette har dekningsgrada stått stille sidan 1996.

Det er tilrådd at alle kvinner mellom 25 og 69 år testar seg jamleg, for dei under 33 år er tilrådinga éin test kvart tredje år.


Les også: Sofia (24) fekk ikkje celleprøve – eitt år etter fekk ho kreftdiagnosen

Sofia Brustad-Johnsen (24). Foto: Privat