Norske kvinner og menn klipper av håret for kvinner i Iran

– Ein video på insta vil ikkje vinna kampen, men me kan håpa at det blir ein av dropane i eit hav av fridom og kjærleik, seier initiativtakar Victoria Vale (24).

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 17. oktober dukka ein video opp på sosiale medium i Noreg.

21 kvinner og ein mann klipper av seg litt av håret og oppmodar folk til å signera Amnesty sin underskriftskampanje for å få slutt på valden mot demonstrantane i Iran.

Ei kvinne frå Iran sitt klipp måtte fjernast frå videoen. I samband med brannen i fengselet eskalerte konfliktane i Iran, og ein i hennar nære familie vart truga med å miste jobben om hen eller nokre i familien gjekk offentleg i mot regimet, fortel initiativtakar Victoria Vale.

Framtida.no kjenner identiteten til kvinna, men anonymiserer ho av omsyn til saka.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av V I C (@v.i.c.vale)

#Metoo og engasjement på sosiale medium

Victoria Vale. Foto: privat

– Har ein følgt med på saka nøye blir det openbert kor viktig dette er, skriv Vale i ei Instagram-melding til Framtida.no.

Victoria Vale (24) er tekstforfattar, kreativ redaktør, fotograf, journalist, grafisk designar, poet, gründer, og føredragshaldar – og ein av initiativtakarane bak filmen.

Ho fortel at dei har vore i kontakt med over 100 stykk og at fåtalet som har respondert ikkje trong mykje overtyding.

Kusina hennar Cecilie Kjeldsberg vart utfordra til å laga filmen av si iranske veninne etter å ha snakka om korleis ein kunne bidra frå Noreg. Det er veninna sitt klipp som er fjerna frå videoen.

Motivasjonen til å laga videoen kom frå tanken om kva Vale sjølv ville sett pris på om ho var i same situasjon som dei i Iran er i no.

– Då #metoo først vart eit tema, så rørte det meg veldig. Eg innsåg at det ikkje var eg som hadde vore vanskeleg eller trådd feil, men at me som samfunn stod overfor strukturelle utfordringar. Å få den stadfestinga frå samfunnet rundt, om at mine kjensler og opplevingar var viktige, gjorde meg tryggare i min protest.

Ho understrekar at situasjonen i Iran er mykje meir alvorleg enn noko ho nokon gong har måtta gjennomgå.

– Men likevel. Om så berre litt, så vil eg bidra der eg kan. Med #metoo såg me korleis engasjement på sosiale medium førte til handling og endring.

Liknande videoar frå både Iran og resten av verda byrja spreia seg heilt frå saka om Amini vart kjend: Folk som klipper håret sitt, brenner hijabar og støttar kampen i Iran.

I Iran risikerer ein fengsel for å gjera dette. Det er også lange historiske tradisjonar for å klippe håret som protest og som eit teikn på opprør i Iran.

Arrestert på grunn av for laus hijab

Heilt sidan midten av september har kvinner i Iran gjort opprør mot det strenge regimet, mellom anna dei strenge kleskodane for kvinner. Dette skjedde etter at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i politiet si varetekt i midten av september.

Ho vart arrestert av moralpolitiet i Tehran for å ha brote den strenge kleskoden: Sjalet sat visstnok for laust og viste for mykje hår. Dødsårsaka til Amini er ikkje avklart, men iranske styresmakter meiner ho ikkje vart behandla dårleg av politiet og at ho døydde på grunn av akutte hjarteproblem. Familien hennar fortel på si side at ho ikkje hadde hjarteproblem, og at ho vart torturert av politiet.

Hendinga starta eit opprør i landet. Så langt har minst 233 demonstrantar døydd sidan starten 17. september, ifølgje HRANA. Dei fortel at 32 av desse var under 18 år. Oslo-baserte Iran Human Rights har tidlegare rekna at om lag 201 menneske har blitt drepne.

Håpar på ringverknadar

– Betyr det noko om damer i Noreg klipper håret sitt i ein insta-video?

– Ja. Det handlar om kva narrativ me ynskjer å skapa. Demonstrantane i Iran blir fortalde at dei er bortskjemte ungdommar. Dei blir utstøytte frå arbeidslivet. Familiar vert splitta. Barn drepne. Truande muslimar blir fortalde at dei ikkje er gode nok muslimar. Det er det narrativet det islamske diktaturet konstruerer.

– Å klippe håret på insta er ikkje stort i seg sjølv, men det er ringverknadane me håpar på. At demonstrantane i Iran føler seg sett, trudd på og støtta. Dei står på rett side av historia, og då held det ikkje at me andre er passive observatørar. Det finst mange som støttar det islamistiske regimet, men me skal vera fleire som støttar demonstrantane, og me skal vera dei mest synlege.

Initiativtakaren håpar at alle desse små protestane får ein større effekt. Ein i Noreg som klipper ein hårlokk på Instagram, eller ein i Spania som protesterer utanfor Irans ambassade, kan få ein som støttar det islamske regimet til å tvila på sitt eige narrativ.

– Det har hendt. Sist veke såg me at nokre frå den islamske tryggleiksstyrken i Iran tok av seg hjelmen og slo seg saman med protestantane.

– Ein video på insta vil ikkje vinna kampen, sjølvsagt ikkje, men me kan håpa at det blir ein av dropane i eit hav av fridom og kjærleik. Det er godt nok det.


Skjermdump frå Instagram-kontoen til Veronika Loginova.