Klimaministeren: Klimakutta kan skje i samarbeid med EU
På pressekonferansen torsdag der det nye målet vart presentert, stadfesta han at det ligg ei slik opning i det norske målet som blir meldt inn til FN.
– Det er poenget med felles oppfylling, sa klima- og miljøministeren.
Barth Eide seier at klimamåla til Tyskland og Danmark fungerer på same måte.
– Nokre norske utsleppskutt kan bli utløyste i Danmark, og nokre danske utsleppskutt kan bli utløyste i Noreg.
Tett samarbeid
Eit utsleppskutt på 55 prosent innan 2030, samanlikna med nivået i 1990, er Noregs nye, skjerpa offisielle utsleppsmål. Det blir meldt inn til FN i tråd med Parisavtalen.
Noreg har eit tett klimasamarbeid med EU, og utsleppsmålet skal nåast i samarbeid med EU og Island.
– Det viktigaste er at vi bidreg til utsleppsreduksjonar som svarer til 55 prosent i forhold til der vi var i 1990, seier Barth Eide.
– Og så har vi ein tilleggsambisjon om at vi skal prøve at det blir oppnådd i Noreg, legg han til.
I tillegg til utsleppsmålet som blir meldt inn til FN, har regjeringa fastsett eit omstillingsmål. Her er ambisjonen å redusere Noregs eigne utslepp med 55 prosent.