Svensk studie: – Kvinner kan få betre karakterar på grunn av utsjånaden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien er gjort ved Handelshögskolan ved universitetet. Her kjem det fram at vakre kvinnelege studentar fekk dårlegare karakterar i nokre fag under pandemien. Etter pandemien vart karakterane betre. For mannlege studentar var det ingen skilnad.

300 studentar deltok i undersøkinga og utsjånaden deira vart vurdert av ein jury på 74 personar, som var i same aldersgruppe som studentane. Resultatet av utsjånadsvurderinga vart deretter jamført med karakterar før og etter pandemien.

Faga som vart undersøkte var fag der elevane ikkje var fysisk til stades under pandemien, men i staden deltok i faga gjennom digital undervising.

Dei fleste lærarar er menn

Utsjånadseffekten var mest synleg i fag der lærarar og elevar normalt blir kjent med kvarandre, med ein kursstruktur som betyr samhandling mellom lærar og elevar i eit fysisk miljø.

– Dei fleste lærarane er menn, så det er rimeleg at dei hovudsakleg diskriminerer til fordel for dei attraktive kvinnene. På den andre sida gav også kvinnelege lærarar dei pene kvinnene høgare karakterar, men ikkje i like stor grad, forklarar Adrian Mehic, ansvarleg for studien, overfor Khrono.

Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK