Dei svakaste elevane har gjort det betre gjennom pandemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant elevane som gjorde det dårlegast på nasjonale prøver i rekning i 8. trinn, gjekk færre ut av ungdomsskulen med standpunktkarakter 1 eller 2 etter 10. klasse, melder Statistisk sentralbyrå.

Den same tendensen gjer seg gjeldande i engelsk og norsk hovudmål.

I 2020 var standpunktkarakterane i grunnskulen høgare enn året før i nesten alle fag, og i år har det stabilisert seg på same nivå som i fjor, bortsett frå i naturfag.

Skuleåret 2020–21 hadde avgangselevane i grunnskulen i gjennomsnitt 43,3 grunnskulepoeng. Det er 0,1 poeng høgare enn i 2019-20, då karaktersnittet auka med heile 1,2 poeng frå året før.

SSB understrekar at statistikken ikkje er tilstrekkeleg til å trekkje eintydige slutningar om årsaka til at elevane fekk betra standpunktkarakterar.

Gym og matlaging best

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at gutane i gjennomsnitt fekk 41,1 grunnskulepoeng, medan jentene fekk betydeleg meir – 45,6 poeng.

Jentene har høgare snittkarakter i 12 av dei 13 største faga. Størst forskjell er det i kunst og handverk der jentene ligg 0,7 poeng over. I matte skil berre 0,2 karakterpoeng. Gym er det einaste faget der gutane gjer det betre enn jentene på ungdomsskulen.

Elevane i Oslo gjer det aller best på skulen med 44,9 i snitt, medan snittet er lågast i Agder, 42,6.

Kroppsøving og mat og helse ser ut til å motivere flest, der er snittkarakteren er høvesvis 4,7 og 4,6. Berre i matte og norsk sidemål ligg snittet under karakteren 4.

Meir ro på heimeskule

Også i vidaregåande skule har elevane oppnådd betre resultat under pandemien. Samla har gjennomsnittskarakteren for alle fellesfag med minst 50 elevar auka frå 4,1 før pandemien til 4,2 i fjor, og det har halde seg til i år.

Kunnskapsminister Guri Melbye (V) meiner det allereie no kan seiast noko om kvifor.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

– Vi ser at standpunktkarakterane har gått opp samanlikna med åra før koronapandemien, og årsakene er samansette. Det blir viktig å følgje utviklinga tett framover, seier Melby i ei pressemelding.

Ho viser til ein rapport frå juni som peikar på fleire forhold som kan ha bidrege til forbetringa våren 2020: Andre vurderingsmåtar og meir ro til å konsentrere seg på heimeskule kan ha slått positivt ut for nokre elevar. At lærarane lét tvilen komme elevane til gode, blir òg trekt fram som mogleg forklaring.


Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat