«Grenselaust naivt av norske styresmakter å tru at me kan omvenda terroristar»
Denne anerkjenninga er eit slag i ansiktet og salt i såra for alle menneska som lid på grunn av Taliban, skriv Tilde Roswall i Asker og Bærum FpU om å opna den afghanske ambassaden i Noreg etter at Taliban tok over makta.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Du har flykta frå heimlandet ditt, fått komma til eit trygt land, lært deg språket, fått deg jobb og prøver å leggja trauma bak deg.
Kvar dag tenkjer du på familien og vennene dine som du måtte forlata, og som må lida under det forferdelege terrorregimet heimlandet ditt står ovanfor. Halve familien vart skild frå kvarandre. Du er usikker på om søster di er trygg, eller på flukt og må kjempa ein kamp kvar einaste dag for å overleva.
Dette er situasjonen for over seks millionar afghanske flyktningar. Over tre millionar er internt fordrivne og over 15 millionar kvinner lid kvar einaste dag med færre rettar enn eit ekorn.
Privatfly for Taliban
Kva signal ønskjer den norske regjeringa å senda til desse menneska?
Heile Noreg reagerte kraftig for tre år sidan då regjeringa med opne armar tok imot terrorgruppa Taliban.
Regjeringa brukte sju millionar kroner på å flyga inn Taliban med privatfly for å snakka litt om korleis jenter burde få lov til å gå på skulen.

Å kalla dette naivt er ei kraftig underdriving.

Å kalla dette naivt er ei kraftig underdriving.
Etter at Taliban tok over makta i Afghanistan har kvinner mista retten til arbeid og utdanning, og til å synast og høyrast. Folk i alle aldrar har vorte utsette for bombeangrep, skytingar og maktmisbruk.
Kvinner får piskeslag og annan tortur for å ikkje ha på seg undertrykkjande klesplagg rett. Jenter får ikkje læra seg å lesa eller skriva, og mødrer får ikkje syngja til barna sine.
Likevel seier regjeringa ja til at Taliban kan opna opp den afghanske ambassaden i Noreg.
Det er på ingen måte rart at fleire afghanarar i Noreg reagerer på det som må kunna seiast å vera ein rein provokasjon. Denne anerkjenninga er eit slag i ansiktet og salt i såra for alle menneska som lid på grunn av Taliban.
Bistand til korrupsjon
Frp er tydelege med at me ikkje skal forhandla med terroristar.
Å gong på gong å invitera eit korrupt og kvinneundertrykkjande land tilbake for å snakka om rettar og likestilling er berre symbolpolitikk.
Me bruker hundrevis av millionar på bistand i Afghanistan som over tid har gjort korrupsjonen endå verre.
Når det er millionar av menneske på flukt er det viktig at me prioriterer å hjelpa flest mogleg flyktningar til trygge nærområde, og hjelper menneske med å sleppa unna terrorregime.
Det hjelper lite når Barth Eide seier at: «Noreg har heile tida vore tydelege på at Taliban må ta vare på menneskerettane til det afghanske folket [ …]».
Etter besøket deira i Noreg såg me kor lite rettane til det afghanske folket betyr for dei, og kor grenselaust naivt det er av norske styresmakter å tru at me kan omvenda terroristar.