Politikk og samfunn

«Som barn vaks eg opp utan å sjå menneske som meg sjølv i politikken»

Jo høgare opp ein kjem i AUF og Arbeidarpartiet, jo færre personar med minoritetsbakgrunn finn ein. Dette er ikkje berre eit problem i partiet, skriv Waris Ahmed Hussein i Sagene AUF.

Waris Ahmed Hussein (16)
Leiar av Sagene AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har ikkje foreldre som heiter Jens Stoltenberg eller Gro Harlem Brundtland. Eg er ein andregenerasjons innvandrar. Foreldra mine flykta til Noreg for å gi oss barna ei betre framtid. Dei kom med draumar om tryggleik og moglegheiter, men også med motet til å kjempe mot dei fordommane og barrierane dei møtte.

Som barn vaks eg opp utan å sjå menneske som meg sjølv i politikken, på TV, eller i andre maktposisjonar. Det gjorde noko med korleis eg såg på verda – og meg sjølv. Eg trudde lenge at slike roller ikkje var for folk som meg.

Samfunnsproblem

I dag er eg aktiv i AUF, der vi snakkar mykje om inkludering og mangfald. Dette er noko eg verkeleg brenn for. Men det er tydeleg at jo høgare opp ein kjem i AUF og Arbeidarpartiet, jo færre personar med minoritetsbakgrunn finn ein. Dette er ikkje berre eit problem i partiet; det speglar ei større utfordring i samfunnet vårt.

Politikken skal representere heile folket. Når menneske med ulike bakgrunnar er underrepresenterte, mistar vi verdifulle perspektiv. Dette svekkjer politikken. Vi treng konkrete løysingar for å sikre reell inkludering, ikkje berre fine ord om mangfald.

Det handlar om å bryte ned barrierar og gjere det enklare for folk å delta – uavhengig av kven dei er, eller kvar dei kjem frå. Vi må skape strukturar som anerkjenner og verdset mangfald, ikkje som noko eksepsjonelt, men som ein naturleg del av kven vi er som samfunn.

Utfordra systema

Samtidig må vi tore å utfordre systema som held oppe forskjell, både medvite og umedvite.

Det betyr at vi må setje spørsmålsteikn ved korleis vi rekrutterer, korleis vi inkluderer, og kva signal vi sender om kven som «høyrer heime» i politikken. Mangfald handlar ikkje om kvotar, men om kvalitet – betre løysingar og meir representativ politikk for alle.

Eg trur på eit Arbeidarparti og eit AUF som speglar heile Noreg – eit Noreg som er for alle, der alle har like høve til å bidra og forme framtida. Det krev at vi tek eit oppgjer med oss sjølv og innrømmer at vi har ein lang veg å gå.

Mangfald kan ikkje lenger vere noko vi berre snakkar om – vi må handle, og vi må gjere det no.