Nesten halvparten av britiske unge føretrekker ei verd utan Internett

Nærmare 70 prosent mellom 16 og 21 år føler seg verre etter å ha brukt tid på sosiale medium, syner ei ny undersøking frå Storbritannia.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Undersøkinga vart gjennomført av British Standards Institution og hadde 1293 respondentar frå 16 til 21 år, skriv avisa The Guardian.

Undersøkinga kjem i kjølvatnet av at Storbritannias teknologiminister Peter Kyle antyda at regjeringa vurderer moglegheita for å innføre «portforbod» for barn på appar som TikTok og Instagram.

Halvparten av dei spurde støttar eit «digitalt portforbod» som vil avgrense tilgangen deira til visse appar og sider etter kl. 22. Ifølgje undersøkinga brukar ein firedel av dei britiske ungdommane fire timar eller meir om dagen på sosiale medium.

46 prosent svarar at dei heller ville vore unge i ei verd heilt utan internett.

I undersøkinga kjem det vidare fram at 42 prosent har loge til foreldre eller føresette om kva dei gjer på nettet. 42 prosent har loge om alderen sin på nett og 27 prosent har lata som om dei var ein annan person.

68 prosent svarte at dei føler tida dei brukar på nett er skadeleg for den psykiske helsa deira.

Rani Govender i den britiske organisasjonen NSPCC (The National Society for the Prevention of Cruelty) meiner at eit digitalt portforbod aleine ikkje vil beskytte barn mot risikoen dei står overfor på nett.

– Dei vil kunne sjå alle desse risikoane på andre tidspunkt av dagen, og dei vil framleis ha same innverknad, understrekar ho til The Guardian.