SAIH om studentaktivistar i koronapandemien: – Fritt vilt for styresmaktene

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunniva Folgen Høiskar er leiar i SAIH. Foto: SAIH

– Studentaktivistar får lite vern og er i mange land fritt vilt for styresmaktene. Dei opplever å verte angripne, hengde ut i media, viste ut frå landet, utsette for arrestasjonar og vald. 

Det seier Sunniva Folgen Høiskar, leiar i Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH), på telefon til Framtida.no.

Førre veke lanserte SAIH sin nye kampanje Can you hear me now? og rapporten Students by day, rebels by night. Målet er å setje fokus på styresmakter sine autoritære forsøk på å stilne studentaktivistar rundt om i verda.

– Det er veldig alvorleg, og ser ikkje ut til å minke i omfang. Pandemien ser heller ut til å ha gjort situasjonen verre, seier Folgen Høiskar.

Koronapandemien tillet kriminalisering av studentar

I november synte den årlege Scholars at Risk-rapporten Free to Think at det har vore registrert 341 angrep mot høgare utdanning frå september 2019 til august 2020. 118 av tilfella var knytt til studentar og studentaktivisme.

Den nye rapporten Students by day, rebels by night granskar korleis vilkåra er for studentaktivistar i Thailand, Filippinane, Colombia, Zimbabwe, Sudan og Egypt.

Rapporten peikar mellom anna på korleis pandemien vert nytta som eit høveleg påskot til å innføre nye lover og overvakingsmetodar, og korleis styresmakter brukar negative merkelappar som «terrorist», «rebell» og «fiende av staten» til å legitimere kriminalisering av studentaktivistar.

– For mange land har det å innføre samlingsrestriksjonar og demonstrasjonsrestriksjonar vore eit ypparleg høve for å stilne brysame stemmer, seier SAIH-leiaren.

Terrorlover og trugslar

– Styresmakter har fått større fridom til å gjere som dei vil med meir handlerom og mindre merksemd i media grunna koronapandemien, seier Sunniva Folgen Høiskar.

I 2020 signerte den filippinske regjeringa ei såkalla antiterrorisme-lov, som tillet styresmaktene å arrestere personar utan tiltale. Aktivistar fryktar lova er skapt for å stilne kritiske røyster, og at lova hindrar ytringsfridomen, pressefridomen og organisasjonsfridomen.

På den filippinske sjølvstendedagen 12. juni i fjor trassa hundrevis av demonstrantar koronapandemien for å protestere mot den nye terrorlova, som dei meiner vil kvele politisk motstand. Foto: AP Photo/Aaron Favila.

I 2021 vart avtala mellom styresmaktene og statsuniversitetet University of the Philippines som gjev studentar vern på campus oppheva etter 32 år. Studentar fryktar at ein av dei få stadane der det framleis var mogeleg å kritisere president Duterte er fjerna.

I Thailand er studentaktivistar blant dei som risikerer årevis i fengsel for å fornærme monarkiet – ei lov styresmaktene pusta nytt liv i etter ei ung protestbølgje i landet i 2020. Nærare 400 personar vert straffeforfølgde etter å ha delteke på dei studentleia politiske demonstrasjonane.

SAIH-leiar Folgen Høiskar peikar på at studentaktivistar historisk plar gå i front for demokrati og menneskerettar, men at dei ikkje nødvendigvis har eit organisatorisk rammeverk i ryggen.

– Studentaktivistar er ei gruppe som må verte sette og som må verte tekne hand om, der dei ikkje har kapasiteten til å krevje rettane sine sjølv, slår Folgen Høiskar fast.

– Uverkeleg og skummelt

Sunniva Folgen Høiskar har vore leiar i SAIH sidan 2019 og har såleis god kjennskap til studentrørslene i fleire av landa rapporten omhandlar. Likevel kan ho framleis verte overraska over kva som føregår:

– Arrestasjonane i Zimbabwe det siste året har vore så brutale at eg ikkje var førebudd på det, fortel ho.

Dei siste vekene har fleire enn ti studentaktivistar frå studentrørsla Zinasu vorte arresterte.

Studentar frå Zimbabwe University flyktar frå ein protest utanfrå rettssalen i Harare, 14. september 2020. Foto: AP Photo/Tsvangirayi Mukwazhi

I september i fjor vart Takudzwa Ngadziore, den 22 år gamle leiaren for Zimabwe National Students Union (Zinasu), arrestert etter å ha protestert utanfor ein billeigefirma. Firmaet nekta frigjere informasjon om kor vidt ein av deira bilar vart nytta då studentaktivisten Tawanda Muchehiwa vart bortført i juli.

Ngadziore sat ein månad i fengsel før han slapp ut. I februar vart han arrestert igjen.

– Studentaktivistar har ein positiv effekt på samfunnet, men det slår negativt ut på dei sjølve, seier SAIH-leiaren og legg til:

– Det er vanskeleg å sjå føre seg i Noreg, for her seier ein at verv ser bra ut på CV-en, men i Zimbabwe kan det vere noko av det dummaste du gjer, for du utset deg sjølv for vald, trugslar og angrep. Det er ganske uverkeleg og skummelt.

Då rapporten vart lansert tysdag fortalde zimbabwiske Tapiwanashe Chiriga om korleis politiet hadde kome på døra og truga familien hans, fordi han var aktivist. 

– Dette er stemmer vi verkeleg treng. Dette er stadar der vi ikkje kan risikere at aktivistar ikkje torer å ta til motmæle, for då er det ikkje mange som torer att. Vi må sørgje for at det kjennest tryggare og at dei får den støtta og merksemda dei fortener, seier Folgen Høiskar.

Noreg bør anerkjenne studentar som menneskerettsforsvarar

SAIH krev at Noreg anerkjenner studentar som menneskerettsforsvarar og i større grad dokumenterer at studentaktivisme vert kriminalisert.

 – Dei er allereie menneskerettsforsvarar utan anerkjenning. Det vi ynskjer er at dei vert prioriterte i arbeidet, forklarar Sunniva Folgen Høiskar.

Ho seier det ikkje finst ei fasitløysing eller ein pengesum i statsbudsjettet ein kan flytte på, men at norske styresmakter lyt setje saka på agendaen i FN og i samband med menneskerettsarbeid.

Dei norske ambassadane i utlandet må følgje med på studentaktivistane i landa dei er, og halde augo opne for vald. Samstundes bør Noreg og det internasjonale samfunnet halde land ansvarlege for måten dei handsamar befolkninga si.

SAIH-leiaren understreker at internasjonal merksemd og solidaritet er viktig for aktivistane, fordi dei vert litt mindre fritt vilt om verdas auge følgjer med:

 – Det gjer ikkje at dei er mindre utsette, men det kan ha noko å seie for kor lenge dei vert arresterte eller kor vidt dei vert utsette for tortur. Det kan både ha praktiske konsekvensar, og gjere noko for viljen til å halde fram. 


Lindah Chido Matsapa, Sait Matty Jaw og Mostafa Elsayed Hussin har alle fått ein av dei ettertrakta plassane i Students at risk-ordninga. Foto: Privat/UiB