Russland: 18-åring risikerer 6 år i fengsel for å bruke Instagram

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 05.10.2022 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russiske Veronika Loginova (18) har nesten 550.000 følgjarar på Instagram. No hevdar påverkaren at ho risikerer inntil seks år i fengsel for å ha «teke grep for å tiltrekke seg brukarar» på plattforma.

– Seriøst? Eg? Ei 18 år gammal jente som er motebloggar? skriv ho på Instagram.

Det var VICE som først omtalte saka.

Meiner Instagram er ein «ekstremistisk organisasjon»

I mars vart Meta, moderselskapet til Facebook og Instagram, stempla som «ekstremistisk» av domstolen i Moskva. Heilt sidan invasjonen av Ukraina, har tilgangen til plattformene vore avgrensa i Russland, men då vart dei direkte forbodne.

Mange har likevel halde fram med å bruke Instagram ved hjelp av VPN, som krypterer data og skjuler kor du bur.

18 år gamle Loginova skal vere den aller første som no vert straffeforfølgt for Instagram-bruken sin, hevdar Roskomsvoboda. Det er ein ikkje-statleg organisasjon som arbeider for å sikre digitale rettar i Russland.

Sarkis Darbinjan frå Roskomsvoboda seier at endå åtvaringa er urovekkjande for Loginova, så rører ho alle bloggarar, uansett alder:

– Frå ukjende amatørar med eit fåtal følgjarar til brukarar og journalistar som brukar Insta for å spreie arbeidet sitt, seier han ifølgje Vice.

Loginova stiller spørsmål ved kvifor ho risikerer straff. Ho peikar på at ho aldri har ytra seg politisk på plattforma, men skriv om psykisk helse og mote.

– Dette er ikkje normalt. Dette er fullstendig føkka, skriv ho.


Les også: Russland krev at Wikipedia slettar artiklar om krigen

Kollasj: Framtida.no.
Putin: Alexei Nikolsky, Sputnik, Kreml Pool Photo via AP
Skjermdump frå Wikipedia