VGS-elevar gjekk glipp av 40 millionar kroner i stipend førre skuleår
180 000 vidaregåandeelevar har kvart år rett på utstyrsstipend. Førre skuleår gjekk 20 000 av desse glipp av til saman 40 millionar kroner i stipend.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi veit ikkje kvifor nokon lèt vere å søkje om utstyrsstipend. Eg oppmodar alle til å søkje på dette stipendet, som alle med ungdomsrett på vidaregåande har rett på, seier administrerande direktør Morten Rosenkvist i Lånekassen i ei pressemelding.
Utstyrsstipendet, som elevane kan søkje om på Lånekassens nettsider, skal gå til nødvendig utstyr til undervisninga. Kor mykje ein får, avheng av studieretninga.
Av dei 180.000 VGS-elevane som har rett til dette stipendet, var det 15 000 elevar som lét vere å søkje, medan 5000 lét vere å signere for stipendet, noko som gjorde at dei ikkje fekk utbetalt pengane.
I fjor betalte Lånekassen ut 322 millionar kroner i utstyrsstipend. I forslaget sitt til statsbudsjett har regjeringa foreslått å auke satsane for stipendet frå fire satsar til fem.