WWF-rapport: 69 prosent av verdas dyreliv har forsvunne på 50 år

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til torsdag 14. oktober kom WWF med sin nye Living Planet-rapport. Han viser at verdas dyrebestandar har gått drastisk ned sidan 1970. Den gjennomsnittlege nedgangen er på 69 prosent.

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF. Foto: Elin Eike Worren / WWF Verdens naturfond

Living Planet Report presenterer sjokkerande tal og viser at vi står overfor to akutte kriser: menneskeskapte klimaendringar og tap av naturmangfald. Begge trugar noverande og framtidige generasjonar sitt livsgrunnlag, begge krev strakstiltak.

Det seier generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur i ei pressemelding.

Også artar ein finn i Noreg har opplevd ein kraftig tilbakegang. Mellom anna ål, brugde, dverggås og storspove, står alle på den globale raudlista.

Her kan du lese heile rapporten.

Arealbruksendring er ein av hovedårsakane til naturtap

Living Planet-rapporten blir utgjeven annakvart år og undersøker status for globale bestandar av virveldyrartar, altså: pattedyr, fuglar, amfibium, reptil og fisk. Årets rapport er den mest omfattande nokosinne, og forskarar over heile verda har overvaka 32.000 bestandar.

– Det er skremmande tal: ein sjokkerande 2/3-nedgang på mindre enn 50 år, seier Marco Lambertin, sjef for WWF International i rapporten.

Rapporten viser at dei viktigaste årsakene til naturtap er: øydelegging og tap av leveområde, overhausting, introduksjon av framande artar, forureining, klimaendringane og sjukdom.

Løysinga, ifølgje rapporten, er fleire bevarings- og restaureringstiltak, ein meir berekraftig produksjon og forbruk (særleg av mat), og ein rask reduksjon av utslepp innan alle sektorar.

The Living Planet-indeksen for kvar region frå 1970 – 2018, for dei ulike IPBES-regionane. Tal frå rapporten Living Planet Report WWF/ZSL 2022. Grafikk: Framtida.no/Canva

94 prosent nedgang i Latin-Amerika og Karibia

Det er særleg i dei tropiske og mest artsrike regionane i verda at dyrebestandar stupar i høgt tempo.

Mellom 1970 og 2018 har bestandane av ville dyr i Latin-Amerika og Karibia som blir overvaka, i gjennomsnitt blitt redusert med 94 prosent. Ferskvass-levande artar har gått tilbake i gjennomsnitt med 83 prosent.

Bestanden av amazonasdelfin er redusert med 65 prosent mellom 1994 og 2016. Bestanden av austleg låglandsgorilla har hatt ein nedgang på 80 prosent mellom 1994 og 2019, medan bestanden av australsk sjøløve har falle med 64 prosent mellom 1977 og 2019.

I Afrika har det vore ein nedgang i dyrebestandar på 66 prosent. I Asia og Stillehavsområdet er talet 55 prosent. Nedgangen i Europa og Sentral-Asia er lågare (18 prosent), noko WWF meiner skuldast at mykje av naturen, særleg i Europa, allereie vart øydelagd før 1970.


Éin million artar står i fare for å døy ut om vi ikkje reddar økosystema vi lever i, åtvarar FNs naturpanel.
– Svekkinga i naturmangfaldet og klimaendringane har mange av dei same årsakene, seier Ivar Baste. Foto: Colin Horn, Unsplash.com