Språkrådet undersøker presset mot norsk fagspråk i universiteta

Studentar kan støyta på vanskar når dei vel å skriva masteroppgåva på norsk. No vil Språkrådet finna ut kor flinke høgare utdanningsinstitusjonar er på å utvikla norsk dagspråk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For å utvikla og sikra fagspråket, må det koma eit jamt sig av norske tekstar i fagspråksjangrar. Når den vitskaplege produksjonen for det meste er på engelsk, er det særleg viktig at det finst kanalar der ein kan skriva norsk i mellom anna norske lærebøker, seier seniorrådgjevar i Språkrådet Kjetil Gundersen til avisa Khrono.

Ansvar for norsk fagspråk

I lova står det at institusjonar som universitet og høgskular har ansvar for å halda ved like og utvikla norsk fagspråk. Dette skal mellom anna bidra til eit betre norskspråkleg arbeidsliv.

Men det er ikkje alltid norsk som blir brukt verken i pensum eller av studentane. Gundersen viser til enkelthistorier der norske studentar har støytt på problem ved bruk av norsk fagspråk.

No går Språkrådet i gang med eit systematisk arbeid for å finna ut av kor gode institusjonane er på jobben med å utvikla fagspråket.

Engelsk dominans

Undersøkinga blir send ut til offentlege universitet og høgskular og resultata vil avdekte kor dei ulike institusjonane ligg i forhold til det nasjonale snittet.

Språkrådet håpar å finna ut om dei tilsette ved universiteta klarar å formidla norskspråkleg terminologi til studentane, og om dei er med på å utvikla fagtermar innanfor faga sine.

Ei anna bekymring er at så mange studentar vel å skriva bachelor- og masteroppgåvene sine på engelsk. Sjølv om oppgåva er skriven på engelsk meiner Gundersen det er positivt at samandraget er skrive på norsk. Samstundes er han overtydd om at dette ikkje er nok.


Illustrasjon: skjermbilete altinget.no og Twitter