«Samfunnet ser oss som sjuke og omsorgstrengande»

Camilla Frøseth Wedul, Sara Skilbred-Fjeld, Tuva Rosenvold og Lykke Stavnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribentane sine meiningar.

I dag er verdsdagen for psykisk helse. Årets tema er «utanforskap». Ei gruppe som særleg opplever utanforskap, er funksjonshemma.

Ekskluderinga er ofte skulda fordommar, til dømes at samfunnet ser oss som sjuke og omsorgstrengande. Det gjer at utestenging av oss ikkje vert forstått som segregering eller diskriminering, som det jo eigentleg er.

Samfunnsskapte barrierar

Funksjonshemmingar kan vere fysiske eller psykiske. Stigma og ekskludering av menneske med fysiske funksjonshemmingar leier ofte til psykiske funksjonsnedsetjingar som sosial angst eller depresjon.

Tidlegare var det vanleg å definere funksjonshemming gjennom medisinske diagnosar, men no vert det ofte brukt ein sosial definisjon. Han seier at funksjonshemming oppstår i møte med ulike barrierar i samfunnet som hindrar aktivitet og deltaking for personar med ei funksjonsnedsetjing.

Ein blind person vil til dømes kunne utføre ein jobb på lik linje med sjåande kollegaar, om arbeidsplassen er tilrettelagd. Det same kan seiast om ein person med sosial angst eller bipolar liding. Det er altså i høg grad dei samfunnsskapte barrierane som «hemmar» ein funksjonshemma person.

Likevel vert vi ofte sette på som sjuke og kanskje til og med funksjonsudyktige. Fordommar mot ulike funksjonshemmingar er framleis utbreidde, og resulterer i utanforskap med alvorlege konsekvensar for både fysisk og psykisk helse.

Ifølgje forskarar frå Universitetet i Oslo er einsemd like farleg som røyking og heng saman med psykiske lidingar, tapt livskvalitet og tidleg død.

Fordommar

Når det gjeld psykiske lidingar, er det gjerne det folk ikkje veit som skapar utestenging. Til dømes vert personar med psykiske utfordringar sjeldan spurt eller lytta til, fordi samfunnet rundt dei ikkje trur dei er pålitelege. Slik fungerer fordommar utestengande – og når psykiske lidingar ikkje vert snakka om, føler dei som vert råka seg endå meir åleine.

Men faktisk får rundt halvparten av den vaksne norske befolkninga ei psykisk liding i løpet av livet.

Også personar med fysiske funksjonshemmingar opplever utestenging.

Ein av våre samarbeidspartnarar, aktivisten Shrutilata Singh, har fortalt om korleis ho opplever å vere døvblind i India. Skulegangen var vanskeleg – ho høyrde ikkje kva lærarane sa, ho kunne ikkje sjå tavla eller lese bøker.

Verre var det likevel at ho vart utestengd av både lærarar og medelevar. Dei behandla ho som om ho var smittsam. Ho vart plassert bakarst i klassa og vart sosialt isolert. Etter kvart gjekk ho inn i ein djup depresjon. Mot alle odds klarte Shrutilata likevel å ta ei utdanning og ho vart den første døvblinde fysioterapeuten i India.

Likevel påverkar utanforskap funksjonshemma si psykiske helse så negativt at sjølvmordstankar er eit aukande problem.  

Likestilling for alle

Noreg har teke eit stort steg nærare å inkludere funksjonshemma i all bistand gjennom strategien Likestilling for alle som vart vedteken tidlegare i år.

Strategien slår fast at funksjonshemma personar og våre organisasjonar skal verte inkluderte i planlegging og gjennomføring av utviklingssamarbeidet og at fokus på funksjonshemma sine rettar skal kome tydelegare fram.

Organisasjonar som våre, som jobbar for funksjonshemma sine rettar, må sørgje for at inkluderingsmåla i strategien ikkje vert valfrie ideal, men konkrete krav som alle aktørar i bistanden må følgje og rapportere på.

Må samanlikne det med kvinnekampen

Inkludering av funksjonshemma dreier seg om likestilling. Det handlar ikkje om spesielle behov – det handlar om grunnleggjande menneskerettar.

Alle treng sosialt fellesskap og tilhøyrsle, og alle har rett til frie liv og fridom frå diskriminering. Likestilling av menneske med fysiske og psykiske funksjonsnedsetjingar må verte ein sjølvsagt del av alle sosiale og politiske samanhengar.

Vi kan samanlikne det med kvinnekampen. I dag reagerer dei fleste instinktivt om dei ser eit panel eller eit utval som består berre av menn. Vi burde reagere på same vis på fellesskap og avgjerdsorgan der ingen funksjonshemma er representerte.

Inkludering er ein føresetnad for dei haldningsendringane som må til for at samfunnet skal sjå funksjonshemma som likeverdige. Vi må synast, verte høyrde og vere til stades – funksjonshemma må verte avmystifiserte! 

Først når fordommar vert erstatta av forståing får vi eit samfunn der ingen vert haldne utanfor.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Rebecca Jeanette Sivertsen Lie (22) skriv om opplevingane sine med vidaregåande. Foto: Privat