«Når skal vi setje ned foten for bruk av KI?»
Det finst ikkje ordentlege rammer for denne generative kunstige intelligensen som vi har vorte så kjende med, skriv Ida Synnøve Småli.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Dei fleste, om ikkje alle, veit at generativ KI er her, og det blir iherdig brukt: Chatbotar, bilete, videoar, lyd, stemmer, til og med musikk. KI kan gi deg svaret på det aller meste – sjølv om ikkje alt han seier er sant.
Men det finst ikkje ordentlege rammer for denne generative kunstige intelligensen som vi har vorte så kjende med. Ingen ordentlege reglar for det. Og då bør det ringje ei varselbjølle.
Vanskelegare å skilje frå verkelegheita
KI set ikkje berre folk i kreative felt som medieproduksjon, kunst og musikkproduksjon i ein dårlegare situasjon, eg fryktar også at generativ KI kan svekkje menneskets evne til å tenkje kritisk. Ikkje minst bruker det enormt mykje ressursar.
Når KI blir brukt nesten utan tilsyn, er det ikkje ei overrasking at algoritmane blir betre og betre til å attskape verkelegheita. Det blir vanskelegare og vanskelegare å skilje kunstige bilete frå ekte bilete, og kunst og originale verk skapt av menneske blir brukt til å mate algoritmar – utan samtykke frå kunstnarane sjølv.
Er det forsvarleg å gjere arbeidsmarknaden til kunstnarar, fotografar, filmskaparar og andre i liknande yrke, endå vanskelegare enn det allereie er? Er det greitt å sidestille kunsten deira, med ei maskin som bruker det dei har skapt, berre fordi vi ikkje gidd å betale dei sjølve?
Slukar ressursar
Og medan folk gir førespurnad etter førespurnad til ChatGPT og liknande chatbotar, bruker datasentera raust med ressursar, og lagar masse el-avfall for å drive desse serverane og for å kjøle dei ned. Ifølgje UNRIC, er det forventa at det skal brukast mellom 4.2 og 6.6 milliardar kubikkmeter vatn innan 2027, på grunn av global bruk av KI. Det er det same heile Danmarks vassforbruk på eitt år. Ifølgje the International Energy Agency (IEA) bruker ein ChatGPT-førespurnad ti gonger meir energi enn det eit vanleg Google-søk krev. Det er unødvendig.
Når skal vi setje ned foten for bruk av KI? Ein kan allereie trene generativ KI til å til dømes skape bilete og videoar som er skummelt likt ekte menneske.
Korleis skal du greie å skilje mellom det falske og det ekte, når du ikkje lenger kan identifisere det?






