«Vi kan ikkje bli immune mot grufulle realitetar i Gaza»
Det einaste som skil deg frå den palestinske guten eller jenta som har mista både søsken og foreldre, er at du vart fødd i Noreg og det vart ikkje dei, skriv URO-rådgjevar Nora Malick (19).

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Over 40 000 palestinarar er drepne i Gaza sidan Israel starta sine motåtak etter terroråtaket frå Hamas 7. oktober 2023. Dei fleste av dei drepne er kvinner og barn.
Heile nabolag er bomba til støv. Sjukehus vert bomba. Journalistar og hjelpearbeidarar vert bomba, og matforsyningar vert blokkerte.
Sjukehus vert bomba, journalistar og hjelpearbeidarar vert bomba.
Folkemord
Dette er ikkje ein konflikt. Dette er ikkje komplisert: Eg meiner det er eit folkemord.
FN meiner det er rimeleg grunn til å tru at det går føre seg eit folkemord i Gaza. I ein rapport frå mars 2024 seier FN at terskelen for folkemordshandlingar er nådd, og viser til drap, alvorleg fysisk og psykisk skade, og vilkår som er uuthaldelege for sivilbefolkninga.
Og medan dette skjer, ser verdssamfunnet, inkludert den sjølverklærte fredsnasjonen Noreg på, utan å handle.
Dette er ei historisk skam.
Vi har sett dette før, i andre tider, i andre land. Men aldri har vi hatt så mykje informasjon i sanntid, og likevel gjort så lite.
Noregs rolle
Det einaste, og høyr meg når eg seier einaste, som skil oss frå dei som døyr i Gaza, er ei geografisk tilfeldigheit. Noreg er ikkje ein passiv tilskodar. Vi er med.
Gjennom oljefondet investerer vi framleis i selskap som tener på okkupasjonen. Vi snakkar om israelske bankar, våpenprodusentar og selskap med direkte tilknyting til ulovlege busettingar.
Dette er ein skandale, og det er ei skam at Stortinget, då spørsmålet om uttrykk vart reist, ikkje vedtok ei einaste forplikting.

Kvifor gjeld ikkje dei same prinsippa når det gjeld Israel?

Norske politikarar og norske parti stemte i fleirtal nei til å trekke våre felles sparepengar ut frå selskap som støttar eit mogleg folkemord. Kva seier det om oss?
Vi boikottar selskap i Russland på grunn av krigen i Ukraina. Kvifor gjeld ikkje dei same prinsippa når det gjeld Israel? Er norske menneskerettsprinsipp selektive?
Vi anerkjenner Palestina som stat, samstundes som vi held fram med å investere i krigsprofitørar.
Dobbeltmoral
Det er som om Stortinget lever etter Sophie Elise sitt motto: «Eg vil heller ha dobbelmoral enn ingen moral.» Og det seier noko når ho er ei av dei som er klårast i talen om det som skjer i Gaza.
Vi må spørje oss sjølve: Kva skal stå att om Noreg si rolle når historia vert skriven? Skal det stå at vi var for redde til å utfordre våre allierte? At vi ikkje var komfortable med å forsvare dei som ikkje hadde noko?
Dette er vår moralske prøve. Og akkurat no stryk vi.
Vi som sit trygt i Noreg, har eit moralsk og politisk ansvar. Eg nektar å sitje att med blod på hendene medan vi ser eit folk bli utrydda.
Vi har ei plikt
Neste gong du sit på skulen, eller legg deg trygt i senga, eller møter familien, så vil eg at du skal vite: Det einaste som skil deg frå den palestinske guten eller jenta som har mista både søsken og foreldre, er at du vart fødd i Noreg og det vart ikkje dei.
Vi snakkar om heile generasjonar som vert utsletta.
Vi snakkar om traume som vil vare i mange generasjonar.

Du vart fødd i Noreg og det vart ikkje dei.

Vi har ei plikt. Du har ei plikt.
Vi kan ikkje bli immune mot grufulle realitetar i Gaza.
Palestinske born fortener å vekse opp i dei same kåra som meg og deg.
Palestinske foreldre og besteforeldre fortener å leve i fridom, som meg og deg.
Historieskrivinga
Eg aksepterer ikkje å sitje stille med blod på hendene.
Det er på tide at du, og vi som samfunn, bestemmer oss for kva side av historia vi vil stå på.