Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drøymde du i barndommen om alle skattane du skulle finne med metalldetektor? Danske Ole Ginnerup Schytz har bevist at det absolutt er mogleg å kome heim med meir enn utgåtte 50-øringar og flaskekorker.

Schytz hadde nettopp skaffa seg ein metalldetektor, og gjekk laus på eigedomen til ein gamal klassekamerat, då han etter berre nokre timar oppdaga ein av dei største gullskattane i dansk historie.

Gullfunn! Foto: Vejle Museums

1500 år gamal skatt

Det var i Vindelev i nærleiken av Jelling på Jylland i Danmark at den enorme skatten blei funnen av den ivrige metalldetektorjegeren for rundt åtte månader sidan. Tidlegare i september starta arkeologar utgraving av området.

Skatten inneheld nesten 1 kilo gull, mellom anna i form av romerske myntar, antikke smykke, dekorerte medaljongar, såkalla «bracteates», opplyser Vejlemuseerne i ei pressemelding.

Nokre av gjenstandane som er funne har motiv og runeinskripsjonar som viser til både dei som styrte på den tida, men òg norrøn mytologi. Foto: Conservation Center Vejle

Arkeologane har kome fram til at skatten var gravd ned i eit langhus for om lag 1500 år sidan. Dei meiner skatten tyder på at Vindelev var eit maktsenter i den seinare jernalderen.

– Berre eit medlem av den absolutte kremen av samfunnet kunne vere i stand til å samle ein skatt som den som er funnen her, forklarar forskingsleiar ved Vejlemuseerne Mads Ravn i pressemeldinga.

Han seier at oppdaginga har bringa med seg ny informasjon, då det ikkje var noko som tyda på at ein mektig, til no ukjent krigsherre eller høvding budde i området.

Eit av funna frå den arkeologiske utgravinga i Vindelev. Foto: Vejle Museums

Vulkanutbrot og klimakrise

Grunnen til at skatten blei gravd ned er førebels ikkje kjent.

Mange av dei største gullfunna i Skandinavia er frå midten av 500-talet. Ei oskesky frå eit stort volkanutbrot i år 536 førte til mange år med øydelagde avlingar og hungersnaud. Det kan sjå ut som om skatten Schytz fann med metalldetektoren sin blei gravd ned på denne tida.

Forskarar meiner at klimakrisa i 536 førte til at innbyggjarane i området som i dag er Danmark forkasta dei gamle herskarane og gravde ned mykje gull, kanskje for å gøyme det frå fiendar eller for å blidgjere gudane.

Det er funne over 40 kilo gull frå jernalderen, men storleiken, mengda og detaljane i funnet frå Vindelev er ifølge Vejlemuseerne unike.

Kanskje det er på tide å skaffe seg den metalldetektoren likevel?


Dette er det rekonstruerte fjeset av ei vikingkvinne funne i ei grav i Solør i Hedmark. Foto: National Geographic