Gigantisk sjøøgle oppdaga i Nevada

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For over 246 millionar år sidan svømte ei 17 meter lang fiskeøgle i havet der Nevadaørkenen ligg i dag. Denne øgla kan no hjelpe forskare å forstå korleis moderne kvalar har blitt så store.

Saka vart først omtalt av Forskning.no i norske medium.

Funnen i Augustafjella

Skallen er på storleik med eit flygel, og kan daterast til den geologiske perioden trias (247.2 – 237 millionar år sidan). Kroppen har mest sannsyneleg vore på størrelse med ein moderne spermkval. Beistet skal ha vore 17 meter lang og er det største dyret som enno er oppdaga i denne tidsperioden, både på land og i vatn.

Den to meter lange skallen. Foto: Natalja Kent, Natural History Museum of Los Angeles County.

Funnet er ein underart av fiskeøgla og har fått namnet Cymbospondylus youngorum. Fiskeøgler er ein orden av utdøydde marine krypdyr, og mange hadde ein kroppsform som kan minne om delfinar.

– Fiskeøgla har opphav frå ei enno ukjent gruppe landreptilar, og måtte opp til overflata for å puste, seier Dr. Martin Sander som er paleontolog hos universitetet i Bonn, og forskar hos Dinosaurinstituttet på Naturhistorisk museum i Los Angeles i ei pressemelding.

Enormt stor på veldig kort tid

Cymbospondylus youngorum regjerte i havet berre 3 millionar år etter at den første fiskeøgla blei våt på finnane. Det vil seie at arten har blitt veldig stor på utruleg kort tid. 

Sånn kan C. youngorum sett ut i Nevadasjøen for 246 millioner år sidan.
Illustrasjon: Stephanie Abramowicz

Hovudskallen blei funnen i Augustafjella saman med ein del av eit ryggbein, ei skulder og ei forfinne. I samme område har det også blitt funne mange artar av ammonittar, forfedrane til moderne blekksprutar og marine krypdyr. Desse artane representerer mange av C. youngorums byttedyr og konkurrentar.

Fellestrekk med moderne kvalar

C. youngorums hadde finnar og kroppsform som også er sett hos moderne fisk og kvalar. Derfor kan funnet hjelpe oss å forstå utviklinga i moderne kvalar. Begge artar vaks i storleik etter masseutrydningar, og dei har i tillegg liknande kroppsbygging. Dei har også begge utnytta nisjer i næringskjeda for å oppnå storleik.

Likevel har artane sin evolusjonære veg til storleik vore ganske forskjellig. Forskarane har funne ut at Icthyosaurus fekk ei rask utvikling i storleik tidlig i si evolusjonære historie, mens moderne kvalar brukte mykje lenger tid på bli gigantiske.