Slik såg verdas første solbriller ut

Urfolka i Alaska fann opp solbrillene for tusenvis av år sidan. Målet var å verna augo og forbetra synet.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle som har brukt litt tid utandørs, både i snøen og i sola, veit kor viktig det er å verna augo.

Kombinasjonen av sol og kvitt underlag, kan nemleg føra til snøblindheit, dersom ein droppar solbrillene. Det kan vera svært ubehageleg, og typiske symptom er lysskyheit, smerter og ei kjensle av å ha rusk i augo, skriv NHI.

2000 år gamal tradisjon

Urfolket som har laga brillene heiter yupik. Foto: Julian Idrobo, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

Urfolket yupik lever i eit snøfylt område i Alaska, og skjønte tidleg at dei måtte gjera noko for å ta vare på augo sine.

Derfor har dei ei lang historie med brille-laging bak seg. Faktisk har forskarar funne briller som er så gamle som 2000 år!

Brillene dei laga ser ikkje ut som dei klassiske brillene me kjenner frå i dag. Dei hadde to veldig tynne felt der glasa i dagens solbriller ville vore. Desse felta kunne både redusera gjenskin og refleksjon, men også faktisk vera med på å forbetra synet.

Ved å fokusera lyset, fungerte dei to små opningane som eit kammer, som hjelpte til med å skjerpa og fokusera synet, skriv My modern met.

Sjølve rammeverket i brilla, var skore ut av ei rekkje forskjellige materiale. Mellom anna har dei nytta både tre og bein. Desse typane solbriller blir framleis laga i dag, men som regel er dei no av plast i staden for tre eller bein.

Snøbriller laga av tre. Laga i 1920. Foto: National Museum of the American Indian


Viji Shook ved sida hovudet til Cymbospondylus youngorum. Foto: Martin Sander, Natural History Museum of Los Angeles County.