«Så lenge mine menneskerettar er partipolitisk, så er Pride nødvendig»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ei fargerik tid er rundt hjørnet når vi går inn i juni. Ein månad med feiring, fargar, stoltheit, og vidare kamp. Eg høyrer ofte; «Men kvifor må vi ha Pride?» «Kvifor i Noreg i dag?» «Kvifor i det heile?»

Ei skeiv historie

Sia tidenes morgon har menneske vore skeive, frå two-spirit people hos urinnvånarar i USA og opphavlege stammar i Canada, poeten Sapfo frå Lesvos (610-570 f.v.t.), transaktivismen Marsha P. (pay it no mind) Johnson under Stonewallopprøret, og dagens unge, som er meir open om skeivheit enn noko anna generasjon i moderne tid.

Og det gjeld ikkje berre for menneske heller. Faktisk er det funne skeiv åtferd hos over 1500 dyreartar, for eksempel hos svaner, kor monogame, homofile forhold er vanleg, eller hos dvergsjimpansar. Men framleishar vi berre ein art som har noko imot det skeive – hos mennesket.

Ei homofobisk sanntid

Skeive blir steina, fengsla, piska, forfølgd, lynsja, myrda. I 68 land er homofili forbode. I 10 er det dødsstraff. For å elske.

Og då tenkjer du kanskje at Ja, men det er jo ikkje her. Ikkje i utvikla land.

No er det slik at det er vår oppgåve å gå førre som føregangsland. Men:

Kollasj: Kirsi Sæternes

Og nokre av desse landa, kanskje særleg USA, er land vi ser på som ein av oss. Noko å sjå opp til eller relatere oss til.

Men her i Noreg då, seier du kanskje. Her er det ikkje sånn.

Noreg før og no.

Det er:

  • 50 år sia homofili blei avkriminalisert.
  • 45 år sia homofili blei fjerna som psykisk diagnose.
  • 29 år sia partnarskapslova kom.
  • 13 år sia likekjønna ekteskap blei lov.
  • 9 år sia det å vere trans slutta å vere ein psykiatrisk diagnose.
  • 6 år sia transpersonar ikkje lenger måtte bli sterilisert for å få vere seg sjølve.
  • 5 år sia likekjønna par fekk lov å gifte seg i kyrkja.

Okei, men det er også før.

Framleis har skeive lågare livskvalitet. Vi blir diskriminert meir. Transpersonar får hjelp for seint. Framleis behandlar vi heterofili som default setting, sjølv om stadig fleire og fleire identifiserer seg som ikkje-heterofile. Framleis har transpersonar ekstremt høge sjølvmordstal, og med sjølvmordsforsøk hos over 40 % av alle transpersonar (ikkje norske tal, men likevel ein indikator). Framleis er menneske livredde for å kome ut av skapet. Mange gjer det ikkje. Mange slit lenge.

Som ho som ikkje kan kome ut til foreldra, fordi dei ikkje vil akseptere det. Som han bifile som berre har kome ut til eit menneske i heile sitt liv, i fylla, og ikkje kjem til å gjere det på mange år, for han blei mobba på barneskulen fordi han var meir feminin. Som ho som kom ut på Vg2, etter å ha skjønt det i eit år. Eg visste det sia før ho var tretten, men ho skjønte det aldri før, fordi det aldri blei presentert som ei moglegheit eingong. Det var ikkje noko å vurdere. Som hen som framleis bruker daudnamnet sitt om seg sjølv ved uhell, fordi hen ofte er heime, kor dei ikkje respekterer det nye namnet.

Eg kjenner alle dei som er nemnt over. Alle er under 20.

Eit politisk symbol

Framleis er «homo» det vanlegaste skjellsordet i skulegarden. Framleis blir vår skeive identitet redusert til sex (av den støttande, men heilt feilslåtte, typen: «Eg bryr meg ikkje om kva folk vel å gjere på soverommet»). Framleis blir skeive slått ned på gata. Framleis går politikarar av skaftet over regnbogar. Over pedoflagg, som nokre av dei kallar det. Og politiske symbol og reklame for denne ideologien, som andre seier. Og framleis blir eg bedt om å tone meg ned når eg kjemper for å få vere like mykje rom resten av samfunnet.

Å heve stemmen

Og framleis spør det heterofile samfunnet: «Men må dokker lage så mykje styr?»

Så lenge mine menneskerettar er partipolitisk, så er Pride nødvendig. At eg i det heile treng å skrive denne teksta, viser at vi treng Pride. For viss du høyrer på alt vi seier, alt som ikkje er bra nok, og framleis spør om det er nødvendig … då er du ein av grunnane til at det trengst.

Å tenne på Pride

I fjor blei prideflagg etter prideflagg reve ned, stole, og forsøkt tent på. Her i Noreg.

Og kommentarfeltet fløyt med det same argumentet som elles i samfunnet: «Sjølvsagt ikkje bra, men treng vi eigentleg Pride?». Det same, enkle spørsmålet. Overalt. Treng vi det eigentleg?

Du har nettopp lese ei tekst om at ein regnboge kan skape nok raseri til at folk øydelegg offentleg eigedom. At det at eg vil ha like rettar, behandling og moglegheiter, er nok til å få folk til å tenne på det dei assosierer med meg.

Allereie i år har prideflagg forsvunne, dagen før bygdepride skulle feirast.

Og du lurer på om vi treng Pride?


Les også: Dajana (34) arrangerte den første Pride-paraden i heimlandet: – Eg står på rett side av historia

Dajana Babic var med å arrangere den første Pride-paraden noko sinne i heimlandet Bosnia-Hercegovina. Foto: Privat