Serbia: Konservative vil forby skulebøker grunna «LHBT-ideologi»

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Serbiske læreplanar og skulebøker har vorte oppdaterte, men den serbisk-ortodokse kyrkja og partiet Dører (Dveri) er misnøgde med resultatet.

Dei meiner lærebøkene «promoterer LHBT-ideologi».

Det melder kringkastaren RFE/RL.

Vil kalle tilbake fleire bøker

Patriarken i den serbisk-ortodokse kyrkja vil kalle tilbake biologiboka for 8.-klassingar fordi innhaldet «legg fram nye sosiale normer som ikkje er komne frå Gud».

Han får støtte frå Bosko Obradovic, leiar for det vesle partiet Dører på høgresida i serbisk politikk. Obradovic la til sju skulebøker han meinte bør verte tilbakekalla, mellom anna ei biologibok som forklarar kjønnsidentitet og ei historiebok som tek føre seg LHBT-rørsla sin kamp mot diskriminering.

Partileiaren hevda «LHBT-rørsla prøver å påføre sin ideologi på utdanningssystemet, sjølv om den ideologien er fullstendig uvitskapeleg og grunnlovsstridig».

Dehumaniserande propaganda

Det er høglydt høgrevridd propaganda, som valdar oss stor skade og som det ikkje er nokon genuine argument bak, seier Ana Petrovic til kringkastaren.

Petrovic er sjølv skeiv og arbeider for organisasjonen Da Se Zna, som gjev juridisk og psykisk støtte til LHBT+-personar i Serbia.

Petrovic stiller spørsmål ved kva «LHBT-ideologi» i det heile betyr, og peikar på at frasen vert brukt for å dehumanisere skeive.

Meiner kritikarane er bakstreverske

Det nasjonale utdanningsrådet i Serbia skal no evaluere om lærebøkene er i tråd med vitskaplege teoriar, og om «dei reflekterer den nasjonale interessa, og kor vidt dette er til det beste for utdanninga».

Biljana Stojkovic, biologiprofessor hjå Universitetet i Beograd og tidlegare presidentkandidat, reagerer på at utdanningsminister Branko Ruzic tillèt ei ny evaluering.

– Dette vart ikkje til over natta, det var eit lag av ekspertar som laga pensum, påpeika ho til RFE/RL.

Ho meiner kritikken kjem frå «bakstreverske strukturar som har som mål å skjule denne vitskapelege kunnskapen» og «nekte barn kunnskapen om at nokre minoritetsgrupper eksisterer i samfunnet vårt i det heile».


Les også: Dajana (34) arrangerte den første Pride-paraden i heimlandet: – Eg står på rett side av historia

Dajana Babic var med å arrangere den første Pride-paraden noko sinne i heimlandet Bosnia-Hercegovina. Foto: Privat