Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gif-designar Nora (29) får oppdrag frå Kylie Jenner

– Det beste med jobben er at det starta som ein hobby, og utvikla seg til ein jobb, og det kjennest ofte framleis ut som ein hobby, fortel Nora Fikse på e-post til Framtida.no.

29-åringen er gif-designar, og har arbeidd som frilans grafisk designar på fulltid sidan 2021. Då tok ho valet om å satse på draumejobben.

– Eg trivst veldig godt med det eg driv med, og det er utruleg gøy å få jobbe med så mange spennande kundar.

Nora Fikse i eigenprodusert gif-variant. Gif: Nora Fikse

Søkte studium fordi skildringa sa «Photoshop»

Nora Fikse byrja å interessere seg for grafisk design tidleg på barneskulen, då ho testa Photoshop for aller første gong. På den tida var det populært å lage eigne heimesider, fortel ho, og på ungdomsskulen byrja mange å blogge.

– Eg laga headeren til vennane mine, og koda for å endre fargar og fontar. Eg hugsar at det eg syntest var morosamt var å designe desse sidene, og ikkje det å faktisk blogge, minnest 29-åringen.

Då ho seinare skulle velje studieretning fall valet på grafisk design:

– Rett og slett fordi eg såg «Photoshop» i skildringa. Heldigvis var det riktig val.

Ho ante eigentleg ikkje kva yrket innebar, men ho visste retninga ho ville gå i.

64 milliardar visningar

I 2018 byrja framtidsplanane å ta meir form for Nora Fikse. Då vart det nemleg mogeleg å legge til gif-ar på Instagram Stories og Snapchat.

– Dette syntest eg verka veldig interessant, og eg fann raskt ut korleis eg kunne lage mine eigne gif-ar. Lang historie kort: etter å ha fått nokre oppdrag med å lage gif-ar/stickers, tenkte eg: «dette må vere draumejobben».

Gif: Nora Fikse

Ei veke etter Fikse lasta opp sine første gif-ar på plattforma Giphy, hadde dei vorte viste kring éin million gongar.

I 2020 var hennar side den med flest visningar av alle gif-kunstnarane på Giphy, og ho vart utnemnd til Giphy sin Artist of the year.

I dag er gif-ane hennar synte over 64 milliardar gongar.

Sikra Kylie-samarbeid på e-post

Ein av dei første som tok kontakt med gif-skaparen var musikkgiganten MTV. Seinare har mellom andre Astrid S, Det Norske Teatret, Gyldendal og Altiboks skrive seg på kundelista hennar.

Det er likevel éin kunde som er ekstra stas å ha samarbeidd med. I 2019 tok Fikse ein sjanse og kontakta Kylie Cosmetics, sminkeimperiet til Kylie Jenner, utan særleg forventningar til at det skulle verte noko meir:

– Eg hadde lenge tenkt at eg ville jobbe med dei, men gjekk ut frå at det ikkje var mogeleg å kome i kontakt. Etter mykje om og men bestemte eg meg for å sende ein mail, fortel Fikse og held fram:

– Etter eg sende mailen tok det 15 minutt, så hadde eg mitt første oppdrag, og [eg] har jobba mykje med dei sidan.

Gif: Nora Fikse

Hardt arbeid og ustabil inntekt

Arbeidsdagen som frilans grafisk designar er veldig variert. Dersom ho har eit oppdrag på gang, går mesteparten av dagen med til det.

– Om eg er mellom oppdrag brukar eg mykje tid på personlege prosjekt, marknadsføring og utvikling. Ofte går arbeidsdagar og fritid hand i hand.

Nora Fikse hadde ingen forventningar til korleis ein vanleg dag som gif-designar såg ut. Ho hadde jo ikkje eigentleg høyrt om yrket før.

– Men frilansar er noko eg hadde tenkt at eg ønska å jobbe med ganske lenge. Eg forventa at det skulle vere mykje hardt arbeid og ustabil inntekt, og det er akkurat det det er, (men det er verd det).

Samstundes er det mykje fridom og fleksibilitet, noko ho likar veldig godt.

Nora Fikse likar kvardagen som frilansar med mykje hardt arbeid og fridom. Foto: Privat

Fikse tok bachelorgrada si i Australia. Frå eit internship der hadde ho fått noko erfaring med å arbeide på ulike prosjekt:

– Men då hadde eg verken ansvaret for å kommunisere med kundar eller å ferdigstille prosjekt åleine.

29-åringen fortel at ho lærer best av eigne erfaringar, og ho har innsett at det nok vil dukke opp utfordringar og overraskingar, både positive og negative, uansett kor mykje ein førebur seg.

– Eg lærar noko nytt heile tida, og tek det med meg vidare. Anten det er noko eg bør inkludere i ei kontrakt, eller om eg lærar nye og meir effektive måtar å jobbe på.

Kan ikkje tvinge fram kreativitet

Det mest utfordrande med jobben er å leggje han frå seg, når ho har store prosjekt på gang eller mange på same tid.

– Sidan det berre er meg, og eg jobbar heimanfrå, er det freistande å halde fram utover kvelden til jobben er gjort.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Eg trur mange tenkjer på jobben min som at eg berre sit og teiknar og har det gøy. Og ja, det er for så vidt sant, men det er mykje arbeid og frustrasjonar inn i bilete også, forklarar Fikse og held fram:

– Kreativitet er ikkje noko som kan verte tvinga fram, og det er ikkje alltid like lett å tenkje ut nye idear, eller å få det ein lagar til å verte akkurat sånn ein har sett for seg, forklarar ho.

Gif: Nora Fikse

– Berre start

Frilanslivet kjem i mange ulike variantar, men om ein vil ha ein arbeidskvardag som Nora Fikse sin, lyt ein like å jobbe for seg sjølv.

– Eg møter folk gjennom både møter og andre situasjonar i jobben min, men det går mykje tid i eige selskap. Det kan vere ein fordel å ha ei stor interesse i det du skal drive med, men finn ein balanse mellom jobb og hobby, slik at du ikkje mister gleda.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Som frilansar er det nok viktig å ha ein lidenskap for det du driv med, uansett yrke. Eit tips er å vere tolmodig, og ikkje skape berre for å skape, (noko eg har brent meg på mange gongar). Det synest når det er lagt sjel i arbeid, og når noko er laga berre for å få noko ut på sosiale medium, fortel Fikse.

Gif: Nora Fikse

– Om du ikkje veit kor du skal byrje, berre start ein stad. Hald fram å jobbe, og du vil sjå ei utvikling over tid uansett.

Nora Fikse har mange draumar og idéar som ho gler seg til å jobbe med i framtida.

– Det er vanskeleg å skildre det konkret, men eg kjem til å halde fram å lage gif-ar, og så vil eg bruke illustrasjon og animasjon til å gå i andre retningar også. Ein ting eg har lært er at vegen vert til medan eg går, og det er viktig å ta tak i mogelegheiter som dukkar opp.


Håkon Ellingsen er 18 år og har 80 tilsette. Foto: Privat

Fakta

Namn: Nora Nymo Fikse

Alder: 29

Frå: Jessheim

Yrke: Grafisk designar og gif-designar

Utdanning: Bachelor i grafisk design