Då eg var 20: Ingeborg Heldal var alltid blakk og levde på makaroni og ketsjup

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Privat.

Ingeborg Heldal (46) har ei innhaldsrik karriere som programleiar og journalist bak seg, og i dag er ho redaktør i Kvinner og Klær.

Men i 1993 studerte ho tysk i Trondheim, og kjende på livet med tom lommebok, men mykje moro.

Kor var du då du var 20?

Då budde eg i Trondheim, hadde akkurat flytta inn i kollektiv, studerte tysk på Dragvoll og levde mitt beste liv!

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Dagane bestod av forelesingar på dagtid, litt kollokviegrupper og bibliotekopphald – og mykje fest og moro!

Hugsar du kva som skjedde?

Eg kunne nok med fordel vore ein meir fokusert og disiplinert student, og hugsar at eg brukte veldig mykje tid på det sosiale. Vi var enormt mykje ute på byen og hadde mange festar og middagar.

Eg var ALLTID blakk (akkurat dette året hadde eg brukt opp studielånet mitt allereie i februar, og måtte ringe heim til mamma og pappa og tigge pengar og gråte) og levde på makaroni og ketsjup. Det vesle eg hadde av ekstra pengar gjekk med til vin og lipgloss.

Då Jenny Jordahl var 20 år så slo ho opp med kjærasten ho hadde hatt i fire år for å satse på ein ny flamme: – Det gjekk til helvete. 

Der Untertan var første delen i ein triologi om keisertida under Vilhelm II.

Kva las du/såg du på/lytta du til? 

Eg leste mest tysk litteratur. Hugsar veldig godt Der Untertan av Heinrich Mann. Den var tung! Glossy moteblad hadde eg ikkje råd til, så dei smuglas eg på kiosken.

På TV såg eg på Melrose Place og Beverly Hills 90210, som vart sett på som litt trashy og lågkulturelt, men som eg digga då – og framleis diggar. Ingen skam der!

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, det gjer eg faktisk ikkje. Men tipper den vart brukt på Bajazzo eller Bør Børson med kort skjort, masse sminke og glad promille.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Fridomskjensla over å bu i kollektiv, styre min eigen kvardag og vere sjef i eige liv. Og den konstante angsten over det same. Særleg fordi eg hadde NULL kontroll på pengar og bestandig var blakk.

«It was the best of times, it was the worst of times. It was the age of wisdom, it was the age of foolishness,» for å bruke eit kjent sitat.

Ottar Grepstad sitt sterkaste minne frå året som tjueåring var å gå frå å bli dumpa til å reise med danskebåten sommaren 1974.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ikkje heilt. Eg hadde mange draumar, men ikkje heilt disiplinen til langsiktig tenking.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var nok på mitt aller minst sjarmerande i denne perioden. Sjølvsentrert og naveskodande. Alt handla om meg, og eg hadde sikkert stormannsgale tankar om eigen framtid.

Eg var nok på mitt aller minst sjarmerande i denne perioden

Eg er utruleg takksam for at ingenting frå denne perioden er dokumentert på blogg eller i sosiale media. For då eig eg mi eiga historie, og kan pynte litt på den. Men det var mykje gøy, ekstremt lærerikt – og det gjekk jo bra med meg til slutt.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Sikkert at eg var ein typisk 20 år gammal jente. Sjølvoppteken, usikker, levande og ganske gøyal!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Senk skuldrene litt. Du treng ikkje verte likt av absolutt ALLE. Og du er på ditt penaste no! Nyt det! Ikkje bruk tida på å vere misfornøgd med deg sjølv.

(Og IKKJE klipp håret kort! Du kler det ikkje i det heile teke.)

Les også om då forfattar Maria Parr var 20 år: Ho gjekk på friluftsfolkehøgskule og sov ute med kald nasetipp.